Overvatn er overflateavrenning som regn eller smeltevatn frå gardsplassar, gater, tak m.m. Både klimautviklinga med kraftigare og meir nedbør og samfunnsutviklinga med økt fortetting kan kvar for seg auka intensiteten i overvassavrenninga. Resultatet blir meir vatn som ikkje trenger ned i grunnen eller som vert fanga av vegetasjon, men i staden renn på overflata og finn vegen til næraste røyr eller vassdrag. Dette igjen førar til oftare overfløyming og til at grunnvasstanden kan synka.
Overvasshandtering går ut på å nytta overvatn som miljøskapande element, og å førebyggja skade og ulempe som følge av overvatn. Tiltak for å handtera overvatn vert ofte delt inn i tre grupper:
- Fjerna/forsinka avrenninga ved normal nedbør gjennom infiltrasjon.
- Forsinka avrenninga ved ekstremregn gjennom fordrøying.
- Trygg avleiing til elv, vatn eller overflaumbart areal ved ekstremregn.
Ifølge Byggteknisk forskrift § 15-8 skal «Overvann og drensvann skal i størst mulig grad infiltreres eller på annen måte håndteres lokalt for å sikre vannbalansen i området og unngå overbelastning på avløpsanleggene». Bortleiing av overvatn og drensvatn skal skje slik at det ikkje oppstår overfløyming eller andre ulemper ved mykje nedbør .