Tilbakeslagssikring

Alle som er tilknytt vassforsyninga i Time kommune skal ha vassmålar og tilbakeslagssikring.

Ei tilbakeslagssikring er med på å sikra vassnettet mot tilbakestrøyming eller inntrenging av ureine væsker. Dette gjeld også for tilbakesug eller inntrenging av vatn frå andre vasskjelder. Tilbakestrøyming skal ikkje kunna skje anten det er forårsaka av overtrykk på eigendommen sitt interne nett eller trykkfall/undertrykk på kommunen sitt leidningsnett.

Minimumskravet er tilbakeslagssikring av kategori 2 ved hovudstoppekran/vassmålar. I dei fleste private bustader vil det vera tilstrekkeleg sikring.

Kva kategori tilbakeslagssikring som trengst, vert bestemt ut frå kor farleg væska som kan bli sugd tilbake er. Væskekategori 5 er farlegast, medan kategori 1 er ufarleg. Somme vassinstallasjonar, til dømes sprinklaranlegg og vatning til dyr, krev høgare enn kategori 2. Ta kontakt med røyrleggar eller vatn- og avløpsavdelinga i kommunen om du er usikker på kva som er kravet.

For deg som framleis ikkje har tilbakeslagssikring

Ta kontakt med ein autorisert røyrleggjar som kan installera denne. Du betaler sjølv for tilbakeslagsikringa og installasjonen.

Korleis kan tilbakeslagssikringa sjå ut?

For kvar type sikringsutstyr finst det fleire produsentar, dimensjonar og materiale. Røyrleggjar vel passande produkt i høve til væskekategori. I denne brosjyren kan du sjå nokre døme på tilbakeslagssikring (PDF, 783 kB).

Heimel for å krevja dette hos alle?

I Standard abonnentsvilkår, tekniske bestemmelser 2.4 vedtatt av Time kommune, står det: «Vanninstallasjoner skal utføres slik at tilbakestrømning eller inntrenging av urene væsker, stoffer eller gasser ikke kan skje.»

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00