Vassmålaren skal lesast av i desember kvart år
Klikk her for å registrera målarstand
Me ønsker at du skal få korrekt faktura for vatn og kloakk på eigedommen din. Då treng me vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av vassmålaren din og leverer målarstanden til oss i desember kvart år.
Du er sjølv ansvarleg for den årlege avlesinga av forbruket. For manglande avlesing kjem eit gebyr på kr 1500,-.
Dei fleste vassmålarane har 5 siffer som skal lesast av. Raude tal eller tal bak komma skal ikkje vera med.
Vassmålaren er eigd av kommunen og du betalar for så mykje vatn du brukar. For å oppdaga eventuelle lekkasjar er det derfor lurt å lese av vassmålaren jamleg.
Har du spørsmål?
Ta kontakt på telefon 51 77 60 00/ 51 77 62 05 eller e-post okonomi@time.kommune.no