Illustrasjon som viser korleis arkitektane ser føre seg M44 ferdig utbygd.
Planen dekker eit areal på 70 daa, og det vert foreslått busetnad på 132.850 kvm.
Føremålet med planen er å leggja til rette for utviding av kjøpesenteret i tillegg til etablering av noko anna næring og tenesteyting. Det er opna for parkering inne i bygg. På taket av ny del av kjøpesenteret er det opna for 80 nye bueiningar med tilhøyrande uteareal. Bryne mølle, kornmottaket og siloen er registrert som kulturminne, og desse bygga er og ein del av denne planen. Planen inneheld òg veg og torgareal. Som del av planforslaget er det òg lagt til rette for ny biltilkomst i frå Arne Garborgs veg.
I handsaminga vart det vedteke fleire punkt som gir signal om vidare omarbeiding av planforslaget. I denne saka ønskjer kommunen å få innspel på plangrep og løysingar.
Det vil difor arrangerast eit møte på Time Rådhus den 25. april kl. 18.00.
I møtet vil ein få ei orientering om innhald i planen, og det vert høve til å gje innspel og stilla spørsmål.