Ti turar i Time: Sesongen er i gang!

Snart er det påske, snøen er vekke, og det er på tide å kome seg ut i den flotte jær-naturen vår til fots. Då passar det perfekt at årets Ti turar i Time no er klare.

Ti turar i Time 2024: Tur 5, Blåfjellet Jan Oskar Haugen

 

Ti turar i Time er kommunen sitt opplegg for å gjera turar i nærmiljøet kjende for innbyggarane. Kvart år vel me ut ti overkomelege turar. Alle som går minst éin av turane får ei lita gåve frå kommunen, og blant alle som går alle ti turane trekk me ut flotte premiar.

I år finst det ikkje nokon brosjyre med alle turane i. I staden baserer me oss på eit system der du får turinformasjonen via QR-kodar på skilt der turane startar og sluttar. Men me har også eit alternativ for dei som ikkje føler seg heilt heime i det digitale hjørnet.

Årets turar byr på noko for kvar ein smak - frå enkle rundturar til nokre av dei finaste toppturane du finn på Jæren, og til og med ein sykkeltur. Les meir om turane på lenka under - og så seier me berre god tur, i jærsk natur!

Ti turar i Time - Hovedportal