Andreas Vollsund er ny ordførar i Time

Reid Ivar Bjorland Dahl I møte 15. september valde kommunestyret ny ordførar.

Etter at Reinert Kverneland søkte om fritak frå alle politiske verv har kommunestyret nå valt Andreas Vollsund frå Høgre som ny ordførar.

Andreas Vollsund er 34 år og bur på Lyefjell saman med kona og to barn. Han er inne i sin andre periode i kommunestyret, og har i denne perioden vore leiar i Utval for lokal utvikling. Dei siste åra har han arbeida ved Bryne skule, først som lærar og deretter som inspektør.

Gretha Braut Nese overtar Reinert Kverneland sin plass i kommunestyret.