Introkurset går over fire kursdagar, fire påfølgande torsdagar - 3., 10., 17. og 24. oktober klokka 9-11 - og det er obligatorisk å vera til stades på alle fire kursdagane. Kurset er lagt opp som ein kombinasjon av undervisning i grupper og heimeoppgåver, og eigeninnsats og heimearbeid er ein føresetnad for deltaking på kurset. Det er avgjerande for at kursdeltakarane skal oppnå betre meistring av sin livssituasjon.
Målet er å gje deltakarane kunnskap og ferdigheiter til å analysera situasjonar, tankar og kjensler. Hensikten er å motverka angst- og depresjonsplagar og eventuelle søvnvanskar.
Kurset haldast i kurslokalet i 2. etasje i Timehallen.
Metodar og sentrale konsept
Kognitiv terapi: Merksemd, tolking, energibalanse og aktivitet, den kognitive diamant, ABC-modellen, grubling, bekymring.
Heimeoppgåver i fire delar som deltakarane får tilgang til og gjennomgår i tida mellom kursdagane.
Påmelding
Når du har meldt deg på kurset vert du kontakta på telefon av ein av kurshaldarane for ein kort samtale. Då vil du få ein kode som gjev deg tilgang til ei kort kartlegging som du svarer på før oppstart, i tillegg til kursmateriell på heimesidene til Assistert Selvhjelp som gjer heimearbeid mogleg. Fyrste del av heimearbeidet skjer i forkant av oppstart.
Det er ikkje eigenandel på kurset, men du må altså delta på alle fire kursdagane.
Klikk her for påmelding
Det kan vera aktuelt å køyra kurset ein gong til i november. Dette vil i så fall verta annonsert via Facebook-sidene til Meistringssenteret og på Time kommune sine heimesider, under Helse og velferd/Psykisk helse og rusarbeid/Meistringssenteret (denne sida), og menypunktet Kurs.