Barn og unges kommunestyre 2022

17. november vart årets Barn og unges kommunestyre i Time haldt i nyoppussa kommunestyresal. Representantar frå alle dei 11 elevråda i Time kommune møtte kommunedirektør og ordførar, for å leggja fram kva dei synst er bra med å veksa opp i Time kommune, og gje innspel til kva som kan bli betre. 

Elevrådsrepresentantar saman med kommunedirektør og ordførar

Kvart elevråd kom med forslag til kva tiltak, aktivitet eller arrangement for barn og unge som skulle få 75.000,-. Forslaget til Frøyland skule og Frøyland ungdomsskule fekk flest stemmer. Det vart difor vedteke at pengane skal fordelast ut til kvart elevråd, slik at dei sjølv kan finna gode tiltak som dei vil bruka pengane på. Reflekterte og dyktige barn og unge viste verkeleg korleis lokaldemokrati kan virka i praksis!