Barnehagedagen 2023

Tema for årets barnehagedag er «Liten og stor»

Barnekunst føtter og hender - Klikk for stort bileteLiten og stor Vibeke Fossdal

Om Barnehagedagen

Dagen vert markert årleg over heile landet for å synleggjera kvaliteten i arbeidet som vert utøvd i barnehagane.  Barnehagedagen vert arrangert i samarbeid mellom Foreldreutvalget for barnehagar, Fagforbundet og Utdanningsforbundet som meiner at barnehagen skal vera ein god stad å vera for alle barn. Dei uttrykker at eit stabilt, tilstrekkeleg og kompetent personale er blant dei viktigaste enkeltfaktorane for at barn skal få eit godt barnehagetilbod.

Rammeplanen for barnehager vektlegg betydninga av tilsette som er tilstades for barna og som ser kvart einskild barn. Der står blant anna: «I barnehagen skal alle barn oppleva å bli sett, forstått, respektert og få den hjelp og støtte dei har behov for.» Barn treng vaksne som kan sjå dei, lytta til dei, leika med dei og trøsta ved behov.

I Time kommune har me lang tradisjon for å markera dagen saman med alle 5 åringene i barnehagane i kommunen. Dei er samla i bibilioteket til sang og moro i felles storsamling.  I forkant har dei laga kunst knytt til årets tema som vert stilt ut på biblioteket. I år var det ca 180 barn som var tilstades. 

Tor Inge Pettersen som leia storsamlinga - Klikk for stort bileteTor Inge Pettersen leia storsamlinga Vibeke Fossdal Blikk boks kaniner, liten og stor - Klikk for stort bileteLiten og stor Vibeke Fossdal Tankebobler med kva barn liker å gjera i lag med vaksne - Klikk for stort bileteLiten og stor Vibeke Fossdal