Barnehageplassane er klare 20. mars

Skal du ha barn i barnehage og lurar på kor han eller ho har fått plass? Du treng ikkje lura lenge.

Barn som kryper i en tøy-tunnel - Klikk for stort bilete

Alle barn med lovheimla rett i hovudopptaket er nå tildelt plass, og svarbreva går ut til foreldra natt til 20. mars.

Dei som ikkje har lovfesta rett til barnehageplass i Time kommune, men likevel har søkt – og ikkje har fått tildelt ein plass i denne omgang – vil automatisk stå på venteliste, og kan bli tildelt plass fortløpande, viss det blir ledig, i supplerande opptak.

Les meir om barnehageopptak og fristar her:

https://www.time.kommune.no/.../barnehage/opptak-og-fristar/