Byte av renovasjonsselskap

Frå måndag 3. juni overtek Renovasjonen Næring søppeltømminga i Time kommune frå NordRen. Det betyr minimale endringar for dei aller fleste av kommunen sine innbyggarar, men alle får nokre justeringar.

Gul søppelbil frå Renovasjonen Næring - Klikk for stort bileteDesse flunkande nye bilane frå Renovasjonen Næring skal etter kvart bli eit velkjend syn i kommunen. Renovasjonen Næring AS

Først av alt: Tømmekalenderen her på nettsidene er nå oppdatert med alle typar avfall, også hageavfall. Den finn du her: time.kommune.no/tenester/vatn-avlop-og-renovasjon/tommekalender-2024/

Det same gjeld appen, den skal òg vera oppdatert. Sjekk appen eller kalenderen og gjer deg kjend med kva for justeringar som gjeld for di rute!

Kort oppsummert

Dei største endringane kjem på rutene 210 og 601-604, som får tømminga flytta frå oddetal- til partalsveker. Av dei er det rute 210 som får den største ulempa, ettersom dei som følge av omlegginga får ei ekstra veke utan tømming, akkurat i overgangen. Rute 601-604 får tømming i to veker på rad i overgangen.

Når det gjeld resten av rutene handlar endringane i kalenderen berre om kva type avfall som skal tømmast i dei ulike vekene, eller kva tid på dagen - altså, til dømes, papir flyttast frå veke 25 til 23, eller mat- og restavfall flyttast frå dag til kveld.

For: Det nye selskapet, som i utgangspunktet berre skal bruka elektriske bilar, vil køyre doble skift, altså både på dagtid og kveldstid. Det betyr at dunkane ikkje må trillast inn sjølv om dei ikkje er tømde før klokka 16. NB: Dette betyr også at du må vente til neste dag med å melde inn avvik dersom avfallet ditt ikkje vert henta. 

Hugs at renovasjonsbilen er stor og har stigbøylar og stort overheng, og derfor treng meir plass langs vegen enn ein vanleg lastebil. Sjåførane har i tillegg ikkje køyrt rutene før, så me oppfordrar til kanskje å parkera litt ekstra greitt akkurat nå i overgangen, så dei får litt lettare arbeidsforhold.

Så er hentestaden for dunkane den same som før, og reglane har heller ikkje endra seg: Dunkane skal ut til køyrbar veg, med handtaka ut mot vegen. Og då lurar kanskje nokon på:

Korfor kan eg ikkje la dunken stå tre meter frå vegen, sånn som eg alltid har gjort?

Godt spørsmål! Me skal svara med eit lite reknestykke. I Time kommune finst det til saman 16 700 avfallsdunkar av alle fire typane. Viss me antar at renovatørane må gå tre meter lenger per dunk, så tar det minst fem sekund ekstra kvar gong. Til saman vil då renovatørane bruka nesten eitt døgn ekstra på å tømma dunkane - kvar einaste tømmerunde! Og rekninga for det vil innbyggarane vera nøydde til å ta …

 

NB! Viss du har ein gamal tømmekalender, så går den til og med juni. Men den nye kalenderen gjeld altså frå 3. juni, så juni månad i den gamle kalenderen er ikkje rett.