Dette bør du ha heime i tilfelle krise

Tenk igjennom kva farar og ulukker som kan ramme deg heime, og førebu deg best mogleg. Dersom straumen blir borte eller du blir isolert av vêret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.

varer du bør ha heime i tilfelle krise - Klikk for stort bilete DSB

I veke 44 markerer me Eigenberedskapsveka 2023, og oppfordrar alle i Time til å sjekka om dei er godt rusta, dersom det skulle oppstå ei krise.

Ver budd

Dei fleste av oss er heilt avhengig av straum i kvardagen; til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. 

Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vere førebudd. Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av - vatn, mat, medisinar og varmekjelder - er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dagar.

Vurder risiko og sårbarheit i heimen din

Tenk igjennom kva som kan skje, kva konsekvensar kunne det ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge hjelpa di og korleis du kan bidra. 

Dersom det er utstyr du planlegg å bruke i ein naudsituasjon, ver kjent med korleis det skal brukast og syt for at det fungerer.

Slik kan du dekkje grunnleggjande behov i tre døgn

Dei grunnleggjande behova som må dekkjast dei første tre døgna av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. 

Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.

Har de det mest nødvendige på plass slik at de kan klare dykk sjølv i minst tre døgn, er de rusta for å kome dykk gjennom dei fleste kriser. 

Om krisa blir langvarig, har de med desse førebuingane kjøpt dykk tid og rom til å planleggje vidare. Samtidig bidreg de også til at dei som treng det mest, kan få hjelp først.

Eksempel på beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person
  • to pakker knekkebrød per person
  • ei pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • sanitærprodukt
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar om du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime (Les meir på dsa.no)