Felles markering av frigjeringsdagen i Sandnes - Hovedportal

Felles markering av frigjeringsdagen i Sandnes

Fredag 8. mai er det 81 år sidan Noreg vart eit fritt land etter andre verdskrigen. Som tidlegare år vert frigjeringsdagen og veterandagen markert med eit felles arrangement på Ruten i Sandnes, med fylkesordføraren og ordførarane frå 15 kommunar i Sør-Rogaland til stades.

Norsk flagg mot blå himmel - Klikk for stort bilete

 

Ordførarane i Sandnes, Bjerkreim, Egersund, Gjesdal, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Sokndal, Sola, Stavanger, Strand og Time kommunar, Rogaland fylkeskommune og NVIO (Norges veteranforbund for internasjonale oppdrag) har gleda av å invitera til den høgtidelege markeringa med kulturelle innslag og talar.

Arrangementet startar kl 17.00.

Program

  • Velkommen ved ordførar i Sandnes kommune Kenny Rettore
  • “Fagert er landet” ved Sverre Sigurdson musikkorps
  • Tale av statsråd Andreas Bjelland Eriksen
  • Song ved Mari Hauge
  • Medalje-seremoni ved sjef HV-08, Rogaland heimevernsdistrikt
  • Korsong ved Sandnes kulturskole sitt barnekor
  • Tale av prost Tom Krager, Sandnes prosti
  • Song ved Mari Hauge
  • Ordførar Kenny Rettore annonserer kransenedlegging og eitt minutts stille
  • Kransenedlegging ved statsråden og sjef HV-08
  • Eitt minutts stille
  • “Gud signe vårt dyre fedreland” ved Sverre Sigurdson musikkorps
  • Soldatane sin tale ved veteran Alf Bergin, NVIO avd. Rogaland
  • Ordførar Kenny Rettore avsluttar arrangementet
  • Utmarsj soldatar og Sverre Sigurdson musikkorps

Arrangementet er ope for alle. Velkommen!