Godt debattklima i barn og unges kommunestyre

Representantar for alle grunnskulane i Time var onsdag på plass til årets utgåve av barn og unges kommunestyre. Der fekk dei stilla spørsmål til ordføraren – og dela ut 75 000 kroner til eit føremål dei sjølv måtte debattera seg fram til.

Representantane som utgjorde barn og unges kommunestyre i år. Og så sneik det seg visst med eit par vaksne på biletet òg. Are M. Heiseldal

 

Alle ti barne- og ungdomsskulane i Time kommune var inviterte til å stilla med fire representantar kvar til kommunestyret, som blei sparka i gang med val av ein varaordførar som for anledninga fekk erstatta Gaute Stokka. Den posisjonen gjekk til Eline Heskje Lende frå 5. klasse på Rosseland skule.

Deretter var det ordførarens spørjetime, der kvar skule fekk stilla to spørsmål til ordførar Andreas Vollsund, som måtte svara etter beste evne – og han fekk kjørt seg, med både gode og relevante spørsmål. Kommunedirektør Trygve Apeland, som òg var på plass, var imponert over nivået på innspela.

Kvar skule hadde til slutt førebudd ei innstilling til kva kommunestyret skulle bruka dei 75 000 bevilga kronane til. Det sto ni forslag på blokka, ettersom to av forslaga var tilnærma like, og etter ei første avstemming der kvar representant kunne velga to alternativ, sto tre finalistar klare, tilfeldigvis frå dei tre ungdomsskulane:

  • Forslag frå Bryne ungdomsskule: Fotballgolf på Svertingstad
  • Forslag frå Lye ungdomsskule: Oppgradera badeplassen ved Åsenvatnet
  • Forslag frå Frøyland ungdomsskule: Kjøpa to Teqball-bord og eit bordtennisbord og plassera på Bryne (Sandtangenområdet), Kvernaland (ved Stemmen) og Lye.
Fire ungdomsskuleelevar frå Bryne ungdomsskule, representantar i barn og unges kommunestyre - Klikk for stort bileteRepresentantane frå Bryne ungdomsskule som kom med det endeleg vedtekne forslaget.

Fotballgolf fekk pengane

Etter at den spennande siste avstemminga var foretatt, var fleirtalet nokså klart for Bryne ungdomsskule sitt forslag – og ein kunne høyra fleire i salen som ikkje heilt klarte å halda seg profesjonelle, med eit “yess!” eller to.

Ordføraren ba om at ordlyden i forslaget vert endra frå “Fotballgolf på Svertingstad” til “Fotballgolf i Bryne-området”, ettersom dette er eit tiltak som gjerne krev litt plass, og det kan vera vanskeleg å få det til om ein må låsa seg til Svertingstad. Dette gjekk Bryne ungdomsskule sine representantar, på bildet til høgre, med på.

Me oppsummerer dagen på følgande vis: Imponerande engasjement frå representantane – og blant dei noko vaksnare og meir drevne i salen herska det nokså stor einigheit om at det ikkje er usannsynleg at det var framtidige kommunestyrepolitikarar til stades.

Barn og unges kommunestyre 2024 - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal