Hjelp oss å behalda Sykle-til-jobben-pokalen!

I fjor stakk Time kommune av med den gjeve tittelen “Jærens sprekaste kommune”, og ordførar Andreas Vollsund kunne innkassera ein staseleg pokal på vegne av dei spreke innbyggarane. I år har Hå hoppa av - men Klepp trur dei skal gje oss kamp …

Time-ordførar Andreas Vollsund og Klepp-ordførar Kjetil Maudal på kvar sin sykkel med ordførarkjeder rundt halsen. Andreas Vollsund held opp pokal som vinnar av "Jærens sprekaste kommune" 2023. - Klikk for stort bileteTime-ordførar Andreas Vollsund (t.v.) held pokalen for fjorårets triumf, medan Klepp-ordførar Kjetil Maudal har blikket festa på horisonten og nye sykkel-utfordringar. Are M. Heiseldal

 

Påmeldinga til årets Sykle til jobben-aksjon er nå open. Aksjonen startar allereie fredag 3. mai og varer til 16. juni. Det er gratis for alle innbyggarar og bedrifter med postadresse i Time å vera med.  

Ved å delta sankar innbyggarar i Time viktige poeng for kommunen sin i den lokale konkurransen mellom jærkommunane, som rett nok er litt amputert i år ettersom Hå har valt å stå utanfor (men Hå-ordførar Andreas Bjorland har lova at dei skal koma sterkt attende neste år!).

Den av kommunane Time og Klepp som får flest innbyggar-poeng totalt under aksjonen, kan smykka seg med den prestisjefulle tittelen “Jærens sprekaste kommune” - og får den gjeve pokalen til neste års aksjon. Klepp-ordførar Kjetil Maudal innbiller seg at Time skal få kamp ifrå den kanten … men det skal me nå sjå på:

Poeng for alle typar fysisk aktivitet

Alle innbyggarar frå 15 år og oppover kan vera med på aksjonen. Du treng verken å ha ein jobb eller å eiga sykkel for å delta, for alle typar fysisk aktivitet gjev poeng.  

Eksempel på aktivitetar er:  

  • Gå tur 
  • Dansing 
  • Sykling 
  • Jogging 
  • Badminton 
  • Fotball 
  • Yoga  
  • Fekting 
  • Surfing 

Er du sprekare enn ordføraren? 

Alle Time-innbyggarar som klarer å sanka fleire poeng enn ordførar Andreas Vollsund i løpet av kampanjen, er med i trekninga av 2 stk. Bryne-gåvekort som begge har ein verdi på kr. 1000.  

I tillegg kan du delta på nasjonale utfordringar kvar veke og vinna premiar som treningsutstyr, sykkel og mykje meir.  

Sånn melder du deg på:  

Gå inn på www.sykletiljobben.no og trykk “meld deg på” 

Fylg stega med innlogging til Sykle til jobben 2024. 

Vel om du deltek åleine eller med ei bedrift. 

Dersom du deltek med bedrift: Vel bedrift eller opprett bedrifta. Vel så om du vil bli med på eit lag med kollegaer eller delta åleine. 

Viktig info for deg som deltek med ei bedrift: For at dine personlege innbyggar-poeng skal telja med i konkurransen “Jærens sprekaste kommune”, er det viktig at du registrerer postadressa di på din personlege profil. Det er då mogleg for ein timebu som arbeider i ein annan kommune å sanke innbyggar-poeng for Time, sjølv om arbeidsplassen er i ein annan kommune. 

NB! Du kan òg både melda deg på, registrera aktivitet og fylgja med på kor mange poeng du har ved å bruka appen som heiter “Bedriftsidretten”.

Meir informasjon om kampanjen, konkurransane og poengsystemet finn du på www.sykletiljobben.no