Are M. Heiseldal
Fakturaen ser større ut enn vanleg fordi han har fleire linjer enn før. Grunnen til dette er at momsreglane vart endra midt i 2025, så det fyrste halvåret skal ha 25 %, mens det andre skal ha den nye, reduserte momsen på 15 %. At fakturaen har ekstra linjer har ikkje noko innverknad på kor mykje du skal betala.
Viktig! 104 av innbyggarane i Time har for låg beløpsgrense på avtalegiroen sin. Er du ein av dei skal du få melding i nettbanken din, men gjer du ikkje noko med det får du etter kvart inkassovarsel. Ta kontakt med banken din og auk grensa – me trekk uansett ikkje meir enn me skal.
Ønsker du å dela opp fakturaen din kan du gjera det ved å fylla ut dette skjemaet:
Skjema - Oppdeling av faktura kommunale avgifter
Det går òg an å ringa Innbyggarservice på 51 77 60 00 viss du treng hjelp.
Merk at du må søka på nytt sjølv om du har søkt tidlegare.
Utfyllande info om korfor fakturaen ser ut som han gjer
På fakturaen for 1. termin kvart år er det ei avregning mellom fakturert forventa forbruk av vatn og avløp og det målte forbruket frå året før.
Er forbruket av vatn og avløp meir enn betalt à konto for i fjor, vil differansen komma som ein meirkostnad på fakturaen for 1. termin. Er det brukt mindre enn betalt à konto for i fjor vil differansen komma som ein reduksjon på fakturabeløpet.
Stortinget vedtok at meirverdiavgifta på vass- og avløpstenester skulle reduserast frå 25 % til 15 % frå og med 1. juli 2025. Det målte forbruket og betalt à konto for i fjor er derfor delt likt mellom dei to mva-satsane, uavhengig av faktisk leveringstidspunkt.
Eksempel på faktura:

På fakturaen ovenfor var det målte forbruket av vatn og avløp i fjor på 189 m³, og er delt likt mellom dei to mva-satsane, det vil seia 94,5 m³ med 25 % mva (linje 10 og 11) og 94,5 m³ med 15 % mva (linje 2 og 5).
Betalt à konto for fjoråret for vatn og avløp baserte seg på det målte forbruket i 2024 på 100 m³. Dette er òg delt likt mellom dei to mva-satsane, det vil seia 50 m³ med 25 % mva (linje 12 og 13) og 50 m³ med 15 % mva (linje 8 og 9).
Nytt forventa forbruk for dette året baserer seg på det målte forbruket i 2025 på 189 m³ (linje 6 og 7). Mva-satsen for dette året er på 15 %.
For 2025 er som sagt det målte forbruket på 189 m³. Det er allereie betalt à konto for 100 m³. Dette betyr at det er brukt 89 m³ meir i vatn og avløp i 2025 enn det som var forhåndsbetalt. Differansen på 89 m³ vert derfor etterfakturert og kjem som ein meirkostnad på fakturaen for 1. termin 2026. Dette utgjer kr 5 126,- av det totale fakturabeløpet og er altså oppgjøret for vassforbruket i fjor.
Fakturabeløpet på fakturaen for 1. termin 2026 heng altså nøye saman med forbruket av vatn og avløp og oppgjeret på vassforbruket for fjoråret.
Avregninga av vassforbruket for i fjor skjer kun på fakturaen for 1. termin. Det inneber i dette tilfellet at beløpet på fakturaen for 2. termin vil vera lågare.