Kornelius Oftedal Brufladt, innbyggar nummer 20 000 i Time kommune!
Are M. Heiseldal
Måndag 2. september, fire månader etter at Kornelius vart fødd, troppa ordførar Andreas Vollsund opp på døra heime hos mamma Marte Oftedal og pappa Kjetil Brufladt. Pappa var ikkje heime, men det var to gutar i huset likevel - for Kornelius er nemleg tvilling! Storebror Kristoffer kom til verda like før, og vart innbyggar nummer 19 999. Så då fekk sjølvsagt begge presang av ordføraren.
Nyinnflytta
Marte og Kjetil flytta til Bryne frå Bogafjell i Sandnes i vår, berre nokre veker før fødselen. Altså har den lille familien på kort tid sørga for heile fire nye innbyggarar i Time. Og dei to sist ankomne ser ut til å kunne verta skikkelege mønsterborgarar, skal ein bedømma dei ut ifrå oppførselen då ordføraren kom på besøk.
Stolt ordførar med innbyggar nummer 20 000.
Are M. Heiseldal
Ordføraren ville nok gjerne sagt at det var hans vinnande vesen og botnsolide barnetekke som gjorde susen, men ettersom mamma Marte hevdar at jubileumsduoen stort sett søv godt og er rolige og nøgde mesteparten av tida er det vel mogleg dei hadde oppført seg sånn uansett. Ordførarkjeda, derimot, fekk litt ekstra merksemd frå dei to krabatane.
Kornelius tykte ordførarkjeda var veldig blank og fin.
Are M. Heiseldal
Me gratulerer heile familien og ønskjer dei hjarteleg velkomne til Time kommune!
Ordførar Andreas Vollsund overrekker blomar til mamma Marte Oftedal. Storebror Kristoffer til venstre, jubileums-innbyggar Kornelius til høgre.
Are M. Heiseldal