Kuttar i drifta og utset investeringar

Meirforbruk i tenestene og fall i skatteinntekter utfordrar kommuneøkonomien. – Situasjonen er alvorleg, seier kommunedirektør Trygve Apeland.

Kommunedirektør Trygve Apeland foran lerretet på kinoen med påskriften "Bærekraftige tenester 2040". - Klikk for stort bileteKommunedirektør Trygve Apeland under framlegginga av økonomiplanen 2025-2028. Are M. Heiseldal

Torsdag vart forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for perioden 2025-2028 lagt fram av kommunedirektør Trygve Apeland og økonomisjef Sami Munawar.

Kommunen sitt driftsbudsjett for 2025 er på 1,9 milliardar kroner. I økonomiplanperioden er det føreslått investeringar for 811 millionar kroner. Samanlikna med vedtatt økonomiplan 2024-2027 er investeringsnivået redusert med 380 millionar kroner. 

– Eit høgt rentenivå saman med høg pris- og lønsvekst dei siste åra utfordrar kommuneøkonomien. Mange kommunar i Norge opplever det same. Det vert færre barn og unge, fleire eldre, og fleire som har behov for pleie- og omsorgstenester. Samstundes vert det fleire unge som har behov for omfattande tenester, seier økonomisjef Sami Munawar. 

Må kutta i drifta

Kommunedirektør Trygve Apeland - Klikk for stort bileteKommunedirektør Trygve Apeland. Are M. Heiseldal

– 2024 har vore krevjande. Det ligg an til eit fjerde år med meirforbruk i tenesteområda, samtidig som me òg har reduserte skatteinntekter i år. Utan høgare eller nye inntekter må me òg forventa ein vanskeleg kommuneøkonomi i 2025 og framover, seier kommunedirektør Trygve Apeland.

Ein robust og berekraftig økonomi er avgjerande for at Time kommune skal kunna halda oppe og vidareutvikla tenestetilbodet til innbyggjarane både på kort og lang sikt. Kommunedirektøren føreslår eit omfattande omstillingsarbeid i økonomiplanperioden for å redusera driftskostnadane med 63 millionar kroner. Ein konsekvens av dette er at kommunen må redusera nivå og omfang på einskilde tenester.

– Me er nødt til å sjå på kva for tenester me skal gje, korleis me skal gje dei og kven som skal få desse. Dette for å sikra at me kan levera gode tenester til dei som treng det aller mest. Omstillingsarbeidet kan ikkje gjennomførast utan at me òg reduserer talet på tilsette i kommunen, seier kommunedirektøren.

Utset investeringar

Kommunedirektøren føreslår å redusera investeringsnivået til 811 millionar kroner. Det er 380 millionar kroner lågare enn gjeldande økonomiplan. Bygging av ny ATO (Alternativt tilrettelagt opplæring) på Lye er utset til 2026, medan ny symjehall er skyvd ut av fireårsperioden.

Investeringane i vatn- og avløpsnettet vert også mindre.

– Innbyggarane våre er òg påverka av høgare rente og prisstigning. Me ønsker derfor å halda dei kommunale avgiftene så låge som mogleg, og reduserer nå desse investeringane. Dette kombinert med redusert momssats som foreslått i statsbudsjettet fører til at det berre vert ei mindre auke i dei kommunale avgiftene i 2025, seier Apeland.

Det er venta at Time kommune vil få om lag dobbelt så mange innbyggarar over 80 år fram mot 2036, og dei neste åra vil derfor over halvparten av investeringane vera innan Helse og velferd.

Økonomisjef Sami Munawar foran lerretet på kinoen med påskriften "Befolkningsgrunnlag". - Klikk for stort bileteØkonomisjef Sami Munawar under framlegginga av økonomiplanen 2025-2028. Are M. Heiseldal

– Me får fleire eldre i kommunen vår, og desse skal me ta godt vare på. I økonomiplanen er det føreslått å bruka 170 millionar kroner på nye sjukeheimsplassar og 140 millionar kroner på omsorgsbustadar for eldre, seier økonomisjef Munawar.

Kommunestyret avgjer

Kommunestyret i Time har eit mål om at kommunen sitt netto driftsresultat skal vera minimum 1,5 %. I kommunedirektøren sitt forslag vil det ligge på 1,1 % i 2025, aukande til 1,5 % i slutten av planperioden.

Kommunestyret skal behandla forslaget til økonomiplan 10. desember.

 

Her finn du handlings- og økonomiplanen:

Økonomiplan for 2025-2028, Time kommune

Her er ein filmsnutt som forklarar essensen i planen:

Og her kan du sjå heile presentasjonen: