Kven bør få Byutviklingsprisen 2024?

Send inn ditt forslag innan 30. september.

Bryne sentrum, dronefoto - Klikk for stort bilete

Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris.

Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».

Juryen i år består av Kenneth Lia, dagleg leiar Bryne Næringsforening, Olav Hetland, styreleiar Brynes Vel og Odd Ivar Nese, kommunikasjonssjef i Time kommune.

Prisvinnaren blir heidra under den årlege Bykonferansen, som i år blir arrangert 7. november i Bryne kino, og vinnaren får eit kunstverk og diplom.

Kven meiner du bør få Byutviklingsprisen i 2024? 

Her kan du senda inn ditt forslag til kven som skal få Byutviklingsprisen 2024 

Forslag må sendast inn innan 30.09.2024. 

NB: Me gjer merksam på at alle innsende forslag er offentlege, inkludert navn på den som kjem med forslaget. 

 

Tidlegare mottakarar av Byutviklingsprisen:

2023 - Kulturbanken

2022 - Harald Gudmestad

2021 - Magnus Rommetveit

2020 - Ikkje delt ut

2019 - Brix Brygghus

2018 - Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

2017 - Mellombels Ølstove

2016 - Brynes Vel

2015 - Arnfinn Vigrestad

2014 - Bryne kro og hotell

2013 - Ikkje delt ut

2012 - Kjøkkenet

2011 - Hans Ree

2010 - Ståle G. Haaland

2009 - Lauritz Bellesen

2008 - Alf I. Haaland

2007 - Jærdagen

2006 - Ikkje delt ut

2005 - Forum Jæren

2004 - Gunn Nedrebø

2003 - Reier Carlsen