Landøyda - framleis giftig, og framleis et problem

Ho er gul og fin, men farleg for dyra. Derfor treng me hjelp til å bli kvitt planta i vår kommune.

landøyda - Klikk for stort bileteSlik ser landøyda ut.

 

Landøyda er ei giftig plante som kan gje drøvtyggarar store skadar dersom ho hamnar i fôret. Dyr på beite klarar som regel sjølv å sortera ut kva vekstar dei kan eta, men enkelte planter kan skapa store skadar dersom den hamnar i det ferdige fôret til dyra.

Landøyda kan gi drøvtyggarar leverskade, og i verste fall føra til død, dersom ho hamnar i slåtten ilag med graset dyra skal eta seinare på året. Ungdyr er spesielt utsette, då dei ikkje har lært kva som er farleg og ikkje, og gardbrukarar brukar derfor mykje tid kvart år på å halda planta vekke frå matfatet til dyra.

Bladverk landøyda - Klikk for stort bileteBladverket til landøyda.

Vanskeleg å fjerna alt

Time kommune forsøker òg å fjerna planta frå offentlege område der ho kan utgjera fare, men me har ikkje kapasitet til å ta alt. Det har heller ikkje Rogaland fylkeskommune, som har ansvaret for grøftene langs fylkesvegane i kommunen.  

Både i fjor og i forfjor røska fleire timebuar opp det som vart mange sekker med landøyde, og det er både kommunen og bøndene takksame for.

Vil du bidra?

Viss du vil hjelpa til med å fjerna planta frå eigedomen eller nærområdet ditt, er det lurt å bruka hanskar, dra opp planta med rota og legga henne i restavfallet – dette for å hindra frøa i å spreia seg. Restavfallet brennast opp, og då øydeleggast frøene, derfor skal landøyde absolutt ikkje i hageavfallet.

Time kommune tek òg imot sekkar/posar med landøyde, hjå driftsavdelinga vår i Bedriftsvegen 9 på Håland på Bryne. Hugs at emballasjen må vera gjennomsiktig - slike sekkar ligg i skuret i Bedriftsvegen.

NB! Det er gravearbeid i Bedriftsvegen. Derfor er tilkomsten til kommunen sitt skur litt kronglete:

Beskriving av kor ein kan levera landøyde - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Først må du inn Bedriftsvegen, så langt du kjem, før du svinger inn til høgre på parkeringsplassen. Den provisoriske porten til høgre heilt framme i biletet er stengd utanfor arbeidstid.

Beskriving av kor ein kan levera landøyde - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Inne på parkeringsplassen snur du 180 grader, attende i retninga du kom frå. Då ser du skuret til høgre.

Beskriving av kor ein kan levera landøyde - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Her kan du levera gjennomsiktige sekkar eller posar med landøyde. I den brune eska ligg det fleire gjennomsiktige sekkar.

Takk for hjelpa!