Lynkurs i demensvenleg samfunn for bedrifter

Onsdag 30. oktober kl. 08.00 inviterer Time kommune til gratis 1-times kurs om demens i Storstova. Bedrifter i servicenæringa oppfordrast til å melda seg på.

Eldre kvinne på butikken - Klikk for stort bilete

Målet med kurset er å gjera Time kommune til eit meir demensvenleg samfunn, og at personar med demens skal møta forståing, respekt og støtte frå gruppene i befolkninga dei treng hjelp frå.

Kurset er utvikla av Nasjonalforeningen for folkehelse og gir personell i offentleg og privat servicenæring kunnskap i korleis dei på best mogleg måte kan møta menneske med demens.

Alle bedrifter og servicenæringar som deltek på kurset, får eit klistremerke og kursbevis som vert utdelt av ordførar.

Klistremerket kan for eksempel hengast opp ved bedrifta sitt inngangsparti og dermed vera ein synleg tryggleik for menneske med demens som besøker bedrifta.

Bli med og gjer Time kommune til eit meir inkluderande samfunn! Meld di bedrift på kurset “Undervisning i demensvenleg samfunn”.

Påmelding via knappen under:

Påmelding til undervisning i demensvenleg samfunn

Påmeldingsfrist 28.10. 2024.