Time kommune søker med dette etter ein frivillig organisasjon til å driva ein møteplass i Bryne for småbarnsfamiliar. Møteplassen kjem i staden for Open barnehage, som Time kommunestyre har vedtatt skal leggast ned. Møteplassen skal ikkje vera eit barnehagetilbod, men ein sosial møteplass for barn i følgje med deira omsorgspersonar. Til å driva møteplassen har kommunestyret sett av 300.000 kroner på årsbasis.
Kan din organisasjon tenka seg å etablera og driva denne møteplassen, kan du lesa meir om føresetnader og vilkår her. (PDF, 221 kB)
Merk at søknadsfrist er 12. august 2024.
Søknad sender du i brevs form til post@time.kommune.no og merkar «Møteplass».
Spørsmål kan rettast til:
Kultursjef: Trond Lie, trond.lie@time.kommune.no | 970 82 788 eller
Barnehagesjef Vibeke Fossdal, vibeke.fossdal@time.kommune.no | 905 09 246.
NB! På grunn av ferieavvikling ber me om at de sender oss ein SMS om de ønsker kontakt/har sendt e-post.