
– Kan du fortelja litt om Undheim barnehage?
– Undheim barnehage vart starta i 1987, og då i samfunnshuset på Undheim, men i 2009 fekk me ny barnehage, rett ved sidan av idrettshallen og skulen. Allereie i 2014 var barnehagen for liten så då vart det bygd eit tilbygg for å få plass til alle barna. I dag har me 57 flotte barn og til saman 18 tilsette.
– Kva trur du særpregar barnehagen dykkar samanlikna med dei andre kommunale barnehagane?
– Me har flott natur rundt oss og uteområdet vårt er prega av naturlege element. Me har gapahuk og lavvo som me kan kosa oss i, og friområdet «Bjønnholen» som me brukar aktivt. Her lagar me blant anna trehytte og slengdisse. Me er ein bygdebarnehage som skal ha rom for alle. Undheim er ikkje så stort, så alle i bygda set stor pris på barnehagen, og det viser igjen. Me får blant anna koma på gardsbesøk for å sjå på lam, me blir alltid invitert når showteateret skal ha førestilling – då er me på plass i samfunnshuset – og me får låna klasserom på skulen kvar vår. Det er kjekt å kjenna at me er ein del av lokalsamfunnet.
– Vil barn eller foreldre merka at de går frå privat til kommunal barnehage?
– Det vil ikkje vera stor forskjell for barn og foreldre. Me har alltid vore med på satsingsområda til kommunen, så det vert ikkje store endringar i måten me jobbar på. Den kristne formålsparagrafen me har hatt vil forsvinna, men samtidig har me alltid vore opptekne av at alle skal ha ein plass hos oss, så endringa vil ikkje bli stor.
Me ønsker Undheim barnehage velkommen inn i Time kommune sin barnehagebukett!
