Dette er altså ikkje kommunale pengar, berre for å seia det i desse innsparingstider. Pengane kjem frå Kolumbus, og er øremerka støtte til kjøp av elsykkel, med inntil 5000 kroner per innbyggar. Time kommune administrerer utbetaling av støtta på vegne av Kolumbus, og du må søka nedst på denne sida. Får me fleire søknadar enn me har pengar til, vert det loddtrekning blant dei innsendte søknadane.
Søknadsfristen i denne runden er 15. oktober, og innan 20. oktober får du svar på om du har fått støtte eller ikkje. Støtta utbetalast seinast 30 dagar etter at du har fått svar.
Føresetnadar:
- Støtta er på maks 5000 kr per innbyggar
- Støtta kan ikkje utgjera meir enn 30% av prisen på sykkelen
- Søkaren må vera busett i Time kommune
- Søkaren må vera over 18 år
- Kvar søkar kan få støtte til éin elsykkel
- Sykkelen må behaldast i minst 3 år etter kjøpet
- Sykkelen kan ikkje trimmast eller på anna vis gjerast ulovleg å ferdast på
- Ordninga gjeld ikkje kjøp av pedalscooter eller elmoped
- Elsykkelen må vera kjøpt eller bestilt etter 25.09. 2024
- Sykkelen kan ikkje kjøpast frå ein privatperson
Dei som mottek støtte forpliktar seg til å svara på tre korte spørjeundersøkingar etter tildelinga.
Søk her, innan 15. oktober:
Søknadsskjema for støtte til kjøp av elsykkel