Ny skule, idrettshall og turnhall i Vardheia

Onsdag denne veka signerte Time kommune kontrakt med Jærentreprenør om totalentreprise for Vardheia skule, idrettshall og turnhall med tilhøyrande uteanlegg. Kontrakten er på 276,4 millionar kroner inkludert moms.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Time og Klepp kommune der Time kommune er tiltakshavar. Det er planlagt byggestart 10. september 2019 og anlegget skal stå ferdig til skulestart hausten 2021.

Skulen er planlagt for 450 elevar frå 8. til 10 trinn der halvparten av elevane skal vera frå Klepp og den andre halvparten frå Time. Idrettshall og turnhall er et interkommunalt prosjekt som både Klepp og Time sine innbyggjarar skal kunne nytte. I kontrakten ligg det og inne eit uteområde som skal fungera både for skulen og som ein kvartalsleikeplass for området rundt. I tillegg skal det leggjast ny vatnleidning i Tinghaugvegen og det skal etablerast ny gang og sykkelveg på sørsida av Nordlysvegen.

 

Den nye skulen i Vardheia skal stå klar til skulestart 2021.Den nye skulen i Vardheia vil ha elevar frå både Klepp og Time, og anlegget vil også ha idrettshall og turhall.