Jerstad har jobba i Timeskulen sidan 2000. Først som lærar ved Bryne U, deretter eitt år som inspektør på Undheim, seks år som rektor på Frøyland ungdomsskule og nå snart åtte år som rektor på Bryne ungdomsskule. Ho ser fram til å ta fatt på jobben som skulesjef:
-Eg er veldig glad i Timeskulen og stolt over kor Timeskulen er i dag. Barn og unge er den viktigaste ressursen me har i samfunnet i dag, og det å få vera med på å legga til rette for at alle barn og unge i Time kommune skal få lyst på livet og evne til å meistra det, er eit stort oppdrag som eg gler meg til å arbeida vidare med. Eg gler meg til samarbeida med kjekke og veldig kompetente skuleleiarar, og til å føra vidare det gode arbeidet som er starta opp, seier ho.
Kommunalsjef Pamela Sudmann har no tilsett sin etterfølgjar som skulesjef, og ho er trygg på at skulane er i gode hender:
-Elsa har lang erfaring frå Timeskulen, er ein dyktig leiar og har stort engasjement for barn og unge. Saman med rektorane og alle dei dyktige tilsette vil ho vidareutvikla Timeskulen til det beste for elevane våre, seier ho.
Jerstad startar opp i stillinga 1. november, og kommunen vil snarleg lysa ut stillinga som rektor ved Bryne ungdomsskule.