Ikkje alle som opplever vald, veit at det er vald dei er utsett for. Dersom du er bekymra for deg sjølv eller nokon du kjenner, kan du kontakta Time kommune sin TryggEst-koordinator for veiledning.
Med TryggEst-koordinatoren kan du drøfta det du opplever og følelsar knytt til dette, samt få råd om kva som kan vera lurt å gjera.
TryggEst-koordinatoren treff du på tlf. 404 05 535 frå kl. 12-14 på kvardagar.
Viss du vert skada, truga eller fryktar for livet ditt, ring politiet på tlf. 02800.
Du kan også kontakta Krisesenteret i Stavanger på tlf. 51 53 06 23 og legevakten på tlf. 116 117.
Alle har rett til å vera trygge
Time kommune har nyleg vorte ein såkalla TryggEst-kommune. TryggEst skal bidra til å forhindra, avdekka og handtere vald og overgrep mot vaksne menneske over 18 år, som i liten grad er i stand til å beskytta seg sjølv.
Når du kontaktar TryggEst-koordinatoren får du snakka med nokon som har erfaring med menneske som har det vanskeleg.
Alle har rett til å være trygge på å ikkje bli utsett for vald eller overgrep. Du treng ikkje vera sikker på at du har opplevd vald for å TryggEst-koordinatoren, og du kan drøfta situasjonar som følast vanskelege.
Skal ivareta risikoutsette vaksne
TryggEst er utvikla av Bufdir for å hjelpe kommunane å ivareta sine mest risikoutsette vaksne innbyggarar over 18 år. Vaksne som er sårbare for vald og overgrep kan for eksempel ha en funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, høg alder, demens, psykiske lidingar eller somatisk sjukdom.
Overgrep og vald kan vera av økonomisk art, eller det kan handla om fysiske, seksuelle eller psykiske overgrep. Det kan også handle om nettovergrep eller truslar.
Les meir om TryggEst
Alternativ til vold