Nye kurs frå Meistringssenteret

Meistringssenteret i Time kommune tilbyr hjelp innan psykisk helse og rusproblematikk. I haust arrangerer dei både stressmeistringskurs og kurs i assistert sjølvhjelp, og ingen av kursa har eigenandel. Det vert maksimalt 10 deltakarar på kvart kurs.

Skilt som viser veg til Meistringssenteret og Teneste- og samordningskontoret i Røyrvika 2 - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

Introkurs i assistert sjølvhjelp

Dette kurset vart arrangert i oktober, men det køyrast nå to rundar til, ein i november (7., 14., 21. og 28. november, kl 09-11) og ein i desember/januar (5., 12. og 19. desember pluss 9. januar, kl 09-11).

Kurset går over fire kursdagar, fire påfølgande torsdagar, og det er obligatorisk å vera til stades på alle fire kursdagane. Kurset er lagt opp som ein kombinasjon av undervisning i grupper og heimeoppgåver, og eigeninnsats og heimearbeid er ein føresetnad for deltaking på kurset. Det er avgjerande for at kursdeltakarane skal oppnå betre meistring av sin livssituasjon.

Målet er å gje deltakarane kunnskap og ferdigheiter til å analysera situasjonar, tankar og kjensler. Hensikten er å motverka angst- og depresjonsplagar og eventuelle søvnvanskar.

Kurset haldast i kurslokalet i 2. etasje i Timehallen (Trallfavegen 4, 4340 Bryne).

Metodar og sentrale konsept:

Kognitiv terapi: Merksemd, tolking, energibalanse og aktivitet, den kognitive diamant, ABC-modellen, grubling, bekymring.

Heimeoppgåver i fire delar som deltakarane får tilgang til og gjennomgår i tida mellom kursdagane.

Påmelding:

Når du har meldt deg på kurset vil du, før kurset startar, få ein kode som gjev deg tilgang til ei kort kartlegging som du svarer på før oppstart, i tillegg til kursmateriell på heimesidene til Assistert Selvhjelp som gjer heimearbeid mogleg. Fyrste del av heimearbeidet skjer i forkant av oppstart.

Det er ikkje eigenandel på kurset, men du må altså delta på alle fire kursdagane.

Det vert maksimalt 10 deltakarar på kvart kurs.

Påmelding til novemberkurset (7., 14., 21. og 28. november, kl 09-11):

Introkurs Assistert sjølvhjelp over 4 dagar - november

Påmelding til desember/januarkurset (5., 12. og 19. desember pluss 9. januar, kl 09-11):

Introkurs Assistert sjølvhjelp over 4 dagar - desember/januar

 

Stressmeistringskurs

Kurset er basert på Assistert sjølvhjelp sitt kurs over fire dagar, og passar for personar som opplever auka stressnivå over tid, slik at dette har vorte ei belastning.

Kurset går over fire kursdagar, fire påfølgande tirsdagar (19. og 26. november pluss 3. og 10. desember, kl 12-13), og det er obligatorisk å vera til stades på alle fire kursdagane. Kurset føreset at deltakarane gjer ein eigeninnsats med å lesa innhald og gjera heimeoppgåver i nettkurset Assistert sjølvhjelp. På kursdagane har me ein gjennomgang av hovudpoeng og refleksjon i grupper.

Målet er gjennom ny innsikt, refleksjon og øving å gje deltakarane auka tru på seg sjølv og deira evne til å handtera stress.

Kurset haldast i kurslokalet i 2. etasje i Timehallen (Trallfavegen 4, 4340 Bryne).

Metodar og sentrale konsept:

Kurset baserer seg på kognitiv og metakognitiv terapi og skal hjelpa deltakarane til å forstå stress, kjenne igjen tidlege teikn på høgt stressnivå og utvikla strategiar for å handtera det. Den sentrale lærdomen er bevisstheit om krav og balanse mellom aktivitet og kvile, og hjelp til å setja grenser.

Påmelding:

Når du har meldt deg på kurset vert du kontakta på telefon av ein av kurshaldarane for ein kort samtale. Då vil du få ein kode som gjev deg tilgang til ei kort kartlegging som du svarer på før oppstart, i tillegg til kursmateriell på heimesidene til Assistert Selvhjelp som gjer heimearbeid mogleg. Fyrste del av heimearbeidet skjer i forkant av oppstart.

Det vert maksimalt 10 deltakarar på kurset.

Påmelding til kurset (19. og 26. november pluss 3. og 10. desember, kl 12-13):

Stressmeistringskurs over 4 dagar - november/desember

NB! Påmeldingsfrist til dette kurset er 15. november.

 

Det vil koma fleire kurs i regi av Meistringssenteret. For å få med deg desse kursa, følg Meistringssenteret på Facebook eller sjekk Time kommune sine heimesider jamleg.