Opning av toalettet i Sandtangen - og ny trimpark!

Det har drygt lenger enn me hadde håpa, for stein i bakken skapa forseinkingar, men nå er ventetida over: Toalettet i Sandtangen er ferdig! Og ikkje nok med det - i samarbeid med Brynes Vel opnar me like godt ein ny trimpark samtidig.

Illustrasjon av mann som tek knebøy foran toalett - Klikk for stort bileteAltså, kanskje du ikkje skal gjera heilt sånn. Men du tek poenget.

Me anbefalar ikkje at treninga går føre seg inne på do, sånn som på biletet over, men ganske nøyaktig 150 meter frå det nye toalettet har Brynes Vel sett opp heilt nye trimapparat. Så går du der og trener, og trangen kjem over deg, kan du sprinta tvers over grasplenen og kjenna på den store letta.

Bilete som viser kor langt det er frå trimapparata i Sandtangen til det nye toalettet - Klikk for stort bilete150 meter i rett line over plenen. Are M. Heiseldal

Den høgtidelege opninga er eit samarbeid mellom kommunen og Brynes Vel, og skjer onsdag 18. september kl 15.00. Ordføraren vil stå for sjølve seremonien. Det vert servert kake og kaffi, så kom og feir med oss!

Toalettbygget i Sandtangen - Klikk for stort bileteFlott bygg, med drikkefontene på utsida. Nå er òg området rundt bygget gjort ferdig. Are M. Heiseldal Plakat på døra til doen som fortel om opninga - Klikk for stort bileteMe måtte jo ha ein plakat på døra, for å fortelja korfor ho er låst ... Are M. Heiseldal