Kjære alle saman!
Godt nytt år.
2024 har vert eit tøft år for mange, òg for Time kommune, men eg er òg heilt klar på at i tøffe tider kan det skje mykje positivt og ikkje minst utvikling.
Time kommune har mykje å vera stolte av. Me har flott natur, rik kulturhistorie, eit framoverlent næringsliv og eit landbruk som forsyner folk med mat langt utanfor kommunegrensene. Men den viktigaste ressursen vår ligg i at me har mange innbyggarar som tek i eit tak for lokalsamfunnet gjennom frivillig arbeid i ulike lag og organisasjonar. Som stiller opp som fotballtrenar, som speidarleiar, som besøksvenn og i meinigheitsarbeid.
Dei får ikkje betalt sjølv om dei legg ned tallause arbeidstimar. Eller, dei får iallfall ikkje betalt i kroner og øre. Det dei får, er å vera med å skapa lokalsamfunn og bygga unge innbyggarar til gode menneske. Gevinstane me som samfunn haustar av det er vanskelege å prissetta. Dei er store.
I året som gjekk fekk me gode eksempel på korleis ideelle organisasjonar kan plukka opp ballen når kommunen ikkje har same kapasitet. Blå Kors har rigga ein møteplass for barn og foreldre, i staden for den opne barnehagen i kommunal regi. Blå Kors Sammen, som møteplassen heiter, er open kvar tysdag og torsdag med fast samlingsstund for ungane. Her får både dei små og dei store moglegheit til å treffa andre og ha det kjekt i lag. Kommunen bidreg med eit årleg økonomisk tilskot.
Mekkeklubben på Lye skal og drivast vidare i frivillig regi, dei og av Blå Kors. Som eg har sagt før og gjentar igjen, alt treng ikkje drivast av kommunen. Når me samarbeider på denne måten, så kan resultatet bli veldig, veldig bra. Og her er det òg naturleg å nemna at me har ein god gjeng med frivillige som hjelper kommunen med Melsbu, den flotte dagsturhytta me fekk på plass i år. Dei sørger for at det er ved til omnen og reint på doen - og at vindauga er skinande blanke når det kjem nye ivrige barnehender for å klatta.
Dette var berre nokre få eksempel på alt det gode frivillige arbeidet som skjer i kommunen.
Så ein stor takk til lag, organisasjonar og frivilligheita!
Norsk kommuneøkonomi er i krise. Kommunane sin interesseorganisasjon KS har uttalt at me må tilbake til 1987 for å finna like dårlege tal i kommunane. Høg kostnadsvekst, høge renter, og fleire innbyggarar som har behov for tenester og for meir omfattande tenester, blir peika på som viktige årsaker til denne utviklinga.
Dette gjeld òg for Time kommune. Me blir nøydde til å prioritera hardt i budsjetta framover, både for å vidareføra viktige tenester og for å kunna ha rom for å ta imot fleire eldre. I 2036 vil me ha meir enn 80 % fleire som er over 80 år i Time. Det er ei positiv utvikling! Fordi me lever lengre og har betre helse. Samtidig treng dei fleste av oss meir hjelp frå kommunen når me blir så gamle, då spesielt innan demensomsorg. Derfor vil me i åra som kjem måtta prioritera både fleire sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar for eldre. Og me må ha ein kommuneøkonomi som gjev rom for desse prioriteringane.
Som folkevald og som ordførar skal eg vera ærleg på at det er ganske krevjande å skulla vera med å vedta at tilbod som er viktige for dei det gjeld, ikkje lengre kan vidareførast. Alle tiltak er jo oppretta av ein god grunn og fordi dei løyser ei utfordring eller dekker eit behov.
Eg har i året som har gått fått mange meldingar frå innbyggarar som engasjerer seg. Det set eg pris på. Det er veldig nyttig å få ulike perspektiv på dei sakene som blir behandla i kommunestyret. Og på tross av at det er krevjande avgjersler, så kjenner eg at det òg er veldig meiningsfullt å bidra til ei best mogleg utvikling av kommunen vår. Time er, og skal vera, ein god plass å veksa opp og verta gamal på. Det skal vera ein plass du har lyst å reisa til, ein plass der folk vil bu. Ein kommune som stillar opp når du treng det. Ein kommune i vekst.
I 2024 passerte me 20 000 innbyggarar i Time kommune. Det er stort for kommunen å visa at me framleis er i vekst. Det var Kornelius Oftedal Brufladt som kom til verda 29. april som vart innbyggar nummer 20 000, mens tvillingbroren Kristoffer måtte nøya seg med å vera nummer 19 999.
Me går nå inn i eit nytt år der mykje er usikkert. Me tenker på korleis straumprisane vil utvikla seg, om det kjem rentekutt, kva som kjem til å skje i stortingsvalet og mykje anna som er verd å gruble over.
Men ein ting er sikkert. Det er at i 2025 skal Bryne spela i ELITESERIEN! Ein stor idrettsprestasjon ligg bak opprykket til Jærens superlag. Garantert mykje «blod, sveitte og tårer». Hardt arbeid. Då er det herleg å sjå resultat og få lønn for strevet. 21 års ventetid er over.
Å få lov å stå saman med nærmare fem tusen andre på Bryne stadion og sjå at måla til Kryger og Jonassen sikra Bryne opprykket i eit derby mot Egersund var stort. Då er det lov å storma banen og unna seg ein skikkeleg opprykksfest. Det er ein dag eg vil minnast sjølv når eg sit oppe på Bryneheimen!
Fotballspelarane på Bryne er førebilete for mange unge jenter og gutar. Dei representerer sunne idrettsidealer, lagspel og verdiar. Eg hugsar godt på Bykonferansen i 2023 då angrepsspelar Karina Fløysvik Hæåk hadde innlegg om forskjellane mellom herre- og kvinnefotball. Ho brann for å redusera desse, få vekk haldningane som legitimerte dei og få til ei større satsing på kvinnene. Det er eit kult førebilete, og Bryne FK gjer mykje bra arbeid.
For å få fram nye gode idrettstalent, så er det viktig å legga godt til rette for breiddeidretten. I Time har me fleire gode idrettsanlegg og i 2024 var det ei ære for meg å få opna Bryne storhall. Ein ny flott, dobbel idrettshall ved sidan av Timehallen, midt i Bryne. Eg trur denne vil gi mykje idrettsglede, folkehelse og gode opplevingar for timebuar i åra som kjem.
Hallen er òg eit løft for Bryne vidaregåande skule, ein av landets største skuler, som har ei stor idrettslinje. Gjennom eit godt samarbeid med fylkeskommunen – og med godt samarbeid så meiner eg økonomisk draghjelp gjennom ein leigeavtale på 4,7 millionar kroner årleg frå fylket – kunne denne hallen bli ein realitet.
Oppgåvene til ein kommune er mange og komplekse. Me skal gje tenester frå vogge til grav. Eg er stolt over nivået me leverer på tenestene i Time kommune, og dette får me til grunna alle dei gode tilsette som jobbar i Time kommune. Derfor har eg lyst å takka kvar og ein av dei tilsette, som legg ned tid og krefter for at Time sine innbyggarar får gode tenester.
Saman gjer me Time trygg og framtidsretta.
Eg har òg lyst å retta ein stor takk til alle dei som driv innan næringslivet. Jobben som blir gjort med å skapa arbeidsplassar og verdiskaping er nøkkelen til å lykkast som samfunn og som kommune. Å ha ein jobb å gå til er viktig for den enkelte, men det er òg avgjerande for samfunnet at me har næringsliv som skaper verdiar som kjem oss alle til gode.
Året me har lagt bak oss har vore eit uroleg år i verda. Ei tid der demokratiet er på tilbakegang og det er ulike krigar som herjar.
Me har alle blitt prega av dei fryktelege bileta i media av alle dei uskyldige som blir ramma av krigen på Gaza, og den fortvilelsen som mange israelske familiar opplever mens dei venter i håp om at dei kidnappa familiemedlemmane deira framleis skal vera i live.
På tampen av året opplevde me eit overraskande raskt regimeskifte i Syria. Meir enn 50 år med brutalt diktatorstyre frå Assad-familien var over. Nå håper eg på ei god, demokratisk og fredeleg styring av landet
Men det er likevel Russland sin invasjonskrig mot Ukraina som har påverka Noreg og Time mest. Me har aldri før tatt imot så mange flyktningar til vårt lokalsamfunn som me har gjort sidan krigsutbrotet 22. februar 2022. Over 350 menneske har funne vegen til Time som flyktningar, og dei aller fleste av desse kjem frå Ukraina. Eg er glad for at me kan bidra til å gje nokon ei trygg hamn når det dei har kjent heile livet sitt plutseleg blir rive vekk og gjort utrygt. I september passerte krigen ein makaber milepæl – ein million drepne.
Same månad vedtok kommunestyret i Time samarbeidsavtalar med dei tre ukrainske kommunane Borzna, Vysoke og Baturyn. Kommunane ligg i det nordaustlege Ukraina, og har om lag 26 000 innbyggarar til saman. Me arbeider nå med korleis me skal fylla samarbeidet med innhald, og samarbeid mellom ungdomsråd, kulturutveksling og skulesamarbeid er nokre aktuelle moglegheiter.
Det var i desse tre kommunane timebuen Kjell Haaland dreiv garden sin. Haaland gjekk bort i september rett før kommunestyret vedtok avtalane, men spelte ei avgjerande rolle i å få avtalen på plass. Garden blir driven vidare og eigd av folk som bur i Time, Klepp og Hå – og det er derfor ei naturleg kopling mellom Jæren og denne delen av Ukraina.
Mitt ønske for 2025 er eit fredelegare år enn det me legg bak oss. Eit år der fleire kjenner på framtidstru og optimisme. Der flest mogleg kjenner det er godt å leva.
Det er kanskje store ord. Men det er ord alle me som bur i denne kommunen kan vera med å hjelpa til å gå i oppfylling. Me kan ta vare på dei rundt oss og bygga eit lokalsamfunn for alle. Det kan me gjera gjennom frivillig arbeid, gjennom jobbane våre eller ved å vera rause med dei rundt oss.
Utfordringar vil det alltid vera, men som nokon ein gong sa: Det handlar ikkje alltid om korleis me har det, men korleis me tar det. Me kan alle bidra, og når fleire tek eit tak saman, så blir det meste lettare.
Igjen, godt nytt år alle saman.