
Fyrverkeri på Bryne
Brynes Vel står for fyrverkerioppskytinga på Bryne. Ettersom Statsforvaltaren vurderer at oppskyting frå Sandtangen, som tidlegare år, er i strid med forskriftane for Søndre Frøyland landskapsvern- og fuglefredningsområde er oppskytingsplassen i år flytta lenger nord, til frukthagen på nordsida av hundeluftingsområdet. Dermed vert ikkje hovudtilkomsten via Sandtangen, men frå krysset/jernbaneundergangen Vardheivegen/Nordlysvegen. Sjå illustrasjon med kart på heimesidene til Brynes Vel.
Fyrverkeri på Kvernaland
Kvernaland Vel står for fyrverkerioppskytinga på Kvernaland. Denne vil skje frå Stemmen, som tidlegare år.
Reglane for privat fyrverkeri
Me gjer merksam på at det sidan 2016 har vore forbode å senda opp fyrverkeri i privat regi innanfor dei nedanfor oppmerka sonene på Bryne og på Kvernaland:


På områder utanfor dei oppmerka sonene er det tillate å senda opp fyrverkeri i privat regi, men kun på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00.
Skal du senda opp fyrverkeri privat oppfordrar me sterkt om at du brukar vernebriller.