Planstrategi på høyring

Time kommune har utarbeidd eit førebels utkast til planstrategi for 2023-2027 og ynskjer innspel og synspunkt til denne.

Trær, stengjerder og strømlinjer på Jæren - Klikk for stort bilete Lysann Reinstein

 

Strategien skal vurdera behovet som kommunen har for planar i perioden, samt avklara omfanget av kommuneplanrevisjonen.

Frist for innspel er sett til 23.08.2024.

Det er tenkt at planstrategien skal eigengodkjennast av Time kommunestyre hausten 2024. Kommunal planstrategi skal utarbeidast for kvar kommunestyreperiode. Planstrategien er bygd opp slik at det først vert drøfta nasjonale forventingar og utfordringsbilete i Time. Vurderinga av planbehovet tar utgangspunkt i denne beskrivinga.

Det vert tilrådd at kommuneplanen skal reviderast i avgrensa omfang, kor ein særleg ser på hushaldering (utbygging i tid) for områder som i dag ikkje er bygde ut, men avsett til utbygging. Temaplanar som kommunen har utarbeidd sidan førre revidering, vert tilrådd innarbeidd i ny plan. Det vert tilrådd at hovudmål i gjeldande samfunnsdel ligg fast, men at revisjonen kan gi justeringar. Me sett pris på gode tilbakemeldingar, og oppmodar innbyggarar, utbyggarar og profesjonelle aktørar om å ta kontakt med innspel eller spørsmål.

Du kan gje uttale til planen i brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller ved å senda di uttale til post@time.kommune.no

Kontaktinfo: Plan- og forvaltningssjef Martin Tengesdal Torstenbø – martin.tengesdal.torstenbo@time.kommune.no

Last ned utkastet her: Utkast til Planstrategi 2024-2027 (PDF, 2 MB)