Dei siste åra har det vore meir fokus på lokal, småskala produksjon av elektrisitet på grunn av endringar i kraftmarknaden. Dette gjeld både for eigen bruk på gardsbruk m.m. og for sal. Særleg vindkraft og solenergianlegg har fått mykje merksemd. Desse anlegga vil påverka landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde (LNFR-område). Etter plan- og bygningslova er det eit grunnleggande krav at omfang og plassering av slike tiltak skal vera avklart gjennom arealplanen. Time kommune er blant mange kommunar som manglar føringar for slike tiltak i arealplan.
Difor har Time kommune 19.03.2024 vedtatt retningslinjer for mindre vindmøller og solenergianlegg i LNFR-områda. Desse skal hjelpa grunneigarar, tiltakshavarar og kommunen ved søknadar om slike tiltak. Retningslinjene skal evaluerast innan 2026. Ved rullering av kommuneplanen vil det vurderast om det er behov for å ta inn eigne føresegner og retningslinjer for desse tiltaka.
RETNINGSLINJER FOR MINDRE VINDMØLLER OG SOLENERGIANLEGG I LNFR-OMRÅDE (PDF, 371 kB)