Samarbeidsavtalar med ukrainske kommunar

Denne veka har Time kommune offisielt inngått samarbeidsavtalar med dei ukrainske kommunane Borzna, Vysoke og Baturyn, etter møta mellom partane i Ukraina i sommar.

Kommunedirektør Trygve Apeland mottek eit seremonielt brød i Ukraina - Klikk for stort bileteKommunedirektør Trygve Apeland mottek her eit seremonielt brød som symbol på samarbeidet mellom Time kommune og dei tre ukrainske kommunane. Brødet vart med heim til ordførar Andreas Vollsund. Odd Ivar Nese

Kommunedirektør Trygve Apeland signerte avtalane saman med ordførarane i dei ukrainske kommunane under sitt besøk i det nord-austlege Ukraina i juni, og avtalane vart formelt godkjent av kommunestyret denne veka.

Jærbladets journalist tek bilete av Kjell Haaland på ein ukrainsk åker - Klikk for stort bileteJærbladets journalist Snorre Standish Norheim tek bilete av Kjell Haaland på ein ukrainsk åker under besøket i juni. Odd Ivar Nese

Nyleg avdøde Kjell Haaland dreiv i mange år ein stor gard - etter norsk målestokk - i dei tre kommunane, og var heilt sentral i arbeidet med å få på plass dette samarbeidet. Både i Ukraina og Norge er mange takksame for den innsatsen han har lagt ned for lokalbefolkninga i dei tre kommunane.

Framover vil me arbeida saman med våre vener i Ukraina med konkrete prosjekt der me kan læra av kvarandre. Etter kvart kan det også verta mogleg for næringsliv og frivillige organisasjonar i Time å involvera seg i samarbeidet.

Jærbladet var med då Time besøkte dei ukrainske kommunane i juni. Dei som vil lesa meir om dette besøket kan gjera det i artikkelserien «Vener i krig»: https://www.jbl.no/vener-i-krig/ (krev abonnement).

Bildemontasje med kommunedirektør Trygve Apeland og bonde Kjell Haaland som tek representantar for dei ukrainske kommunane i handa - Klikk for stort bilete Odd Ivar Nese

Lenke til saka frå kommunestyret finn du her: Dokument 24/28121 - Samarbeidsavtale med tre ukrainske kommunar - Time kommune - Hovedportal