Sami Munawar tilsett som ny økonomisjef

Sami Munawar - Klikk for stort bileteSami Munawar privat

Sami Munawar (38) har i dag takka ja til stillinga som økonomisjef i Time kommune. Han er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og er nå budsjettsjef i Sandnes kommune.

– Det er veldig stas å få tilbod om stillinga. Eg var eigentleg ikkje på utkikk etter ein ny jobb, men då stillinga som økonomisjef vart ledig kunne eg ikkje la vera å søka. Det er ikkje ofte slike moglegheiter dukkar opp. Time er ein veldriven kommune med ei spennande utvikling, seier Munawar.    

Solid erfaring

Munawar har tidlegare arbeidd som analytikar i Equinor ASA, vore fungerande økonomisjef i Rennesøy kommune og teamkoordinator for arbeidet med investeringsbudsjettet i Stavanger kommune. Som økonomisjef vil Munawar ha det overordna ansvaret for den kommunale økonomien og kommunebudsjett på 1,7 milliardar kroner. Han vil òg leia økonomiavdelinga og inngå i kommunedirektøren si leiargruppa.  

Kommunedirektør Trygve Apeland er glad for at Sami Munawar har takka ja til å bli økonomisjef i Time. 

– Sami går inn i jobben som økonomisjef med solid kommunal erfaring frå Stavanger og Sandnes. Han er allereie godt kjent med mange av arbeidsoppgåvene han vil få i Time og har fått prøvd ut tittelen som økonomisjef i Rennesøy kommune i samband med samanslåinga med Stavanger, seier Apeland.  

Startar i april

Sami Munawar tek over stillinga etter Aud Steinsland som har vore økonomisjef i kommunen dei siste 22 åra og som nå har valt å pensjonera seg. Han bur på Lura i Sandnes kommune, er gift og har tre barn. Munawar startar i stillinga som økonomisjef i april.   

– Det vert spennande å bli kjent med nye kollega og ein ny kommune. Eg arbeidde i butikk på Bryne når eg hadde eit friår etter vidaregåande og likar meg godt på Jæren, siar Munawar.