Seminar for pensjonisten 2025

Kvart år arrangerer Time kommune sitt populære seminar for pensjonister i Storstova, og frå og med i fjor vart òg Klepp og Hå med. Datoen for årets seminar er 2. juni, programmet er klart og påmeldinga er i gang!

Inngangspartiet til Storstova - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Sjå plakaten under for program og informasjon. Viss du tenker at dette er noko for deg kan du melda deg på innan 26. mai ved å følga denne lenka:

Påmelding til seminar for pensjonisten

… eller du kan, viss du føretrekk det, senda ein epost til service@time.kommune.no eller ringa dei trivelege damene i Innbyggarservice, på 51 77 60 00. Har du matallergiar må me ha informasjon om dette.

Program for seniorseminaret 2025 - Klikk for stort bilete

Klikk her for større versjon av programmet (PDF, 420 kB)

Har du redusert syn? Her er kortversjonen:

Korleis kan ein sjølv ta grep for å leva eit godt liv? Invitasjon til seminar for deg som er pensjonist.

Dato: 2. juni 2025 – tid: 10.00-14.00 – stad: Storstova, Bryne.

Program:

09.30 Morgonkaffi
10.00 Kulturelt innslag
10.05 Opning av dagen v/ kommunalsjef i Time kommune Britt Ellinor Scott
10.15 Tema: Svindel v/ Kjersti Fuglestad
10.40 Frivilligsenter Klepp, Time og Hå
11.10 Tema: Brannforebygging v/ Hå brannvesen og Rogaland brann og redning
11.30 Pause med enkel matservering
12.15 Kulturelt innslag
12.30 Tema: Aktiv i kvardagen v/ Eli Garvik Rasdal
12.45 Tema: Alkohol og eldre v/ Av-og-til, Marte Sletten
13.10 Tema: Korleis forebygga demenssjukdom v/ Khadija Nasralla Khalifa
13.30 Tema: “Tidsmaskin” v/ Kjell Olav Stangeland
13.50 Oppsummering v/ kommunalsjef i Hå kommune Jørn Kosmo og kommunalsjef i Klepp kommune Wendy Finnerud