Seminar for pensjonisten 2026 - Hovedportal

Seminar for pensjonisten 2026

Kvart år arrangerer Time kommune sitt populære seminar for pensjonister i Storstova, og dei siste åra har òg Klepp og Hå vore med. Datoen for årets seminar er 2. juni, programmet er klart og påmeldinga er i gang!

Inngangspartiet til Storstova - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Sjå plakaten under for program og informasjon. Viss du tenker at dette er noko for deg kan du melda deg på innan 25. mai ved å følga denne lenka:

Påmelding til seminar for pensjonisten

… eller du kan, viss du føretrekk det, senda ein epost til service@time.kommune.no eller ringa dei trivelege damene i Innbyggarservice, på 51 77 60 00. Har du matallergiar må me ha informasjon om dette.

Klikk her for større versjon av programmet (PDF, 774 kB)

Har du redusert syn? Her er kortversjonen:

Korleis kan ein sjølv ta grep for å leva eit godt liv? Invitasjon til seminar for deg som er pensjonist.

Dato: 2. juni 2026 – tid: 10.00-14.00 – stad: Storstova, Bryne.

Program:

09.30 Morgonkaffi
10.00 Kulturelt innslag
10.05 Opning av dagen v/ kommunalsjef i Klepp kommune Wendy Finnerud
10.15 Aktiv Hele Livet: Bevegelsesglede og gode vanar for ein frisk alderdom v/ Sindre Mikal Dyrstad
10.40 Erfarne bilistar i trafikken med dagens køyretøy v/ Rune Røise
11.10 Matglede og munnhelse – grunnlaget for god livskvalitet v/ Tone Ramsli
11.30 Pause med enkel matservering
12.15 Kulturelt innslag
12.30 Kva betyr det å vera pårørande? v/ Unn Birkeland
12.50 Å bu trygt heime v/ Janne Brit Lindheim
13.10 Å bli pensjonist – nogen gode eller “goe" råd v/ Ivar Undheim
13.30 Moro i kvardagen v/ Rolf Schreiner
13.50 Oppsummering v/ kommunalsjef i Time kommune Britt Ellinor Scott