Sivdambassenget stengt inntil vidare

Sivdambassenget er stengt inntil vidare. Årsaka er ei defekt styringseining i ventilasjonsanlegget.

Sivdambassenget - Klikk for stort bilete Ingve Lende

 

Ei ny styringseining er bestilt, men me veit førebels ikkje kor lang leveringstida er. Inntil ventilasjonsanlegget er reparert er bassenget stengt for all aktivitet. Me håpar ikkje det tar meir enn ei veke, og satsar på at me i alle fall kan opna igjen etter neste helg, altså måndag 23. september.

Me beklagar dette på det sterkaste.