Sivdambassenget stengt ut året

Kommuneoverlegen beslutta onsdag 29. oktober å stenga Sivdammen helsebasseng med umiddelbar verknad.

Vindauga i Sivdambassenget speglar seg i vannet sett innefrå - Klikk for stort bilete Ingve Lende

I første omgang er bassenget stengt ut året. 

– Når den endelege tilstandsrapporten frå Miljøretta helsevern er klar vil me kunna seia meir om kor lenge bassenget vert stengt, seier kommunalsjef Anne-Kristin Gangenes.

Årsaka til at bassenget er stengt er øydelagde fliser som er til fare for badande.   

– Me jobbar nå med alternative løysingar for dei gruppene som bruker bassenget. Dei som har krav på lovpålagd symjeopplæring vil då verta prioriterte, seier kommunalsjefen vidare.

Alle som har kjøpt billettar til offentleg bading vil få desse refundert innan 30 dagar, til kortet som vart brukt ved bestilling.