Smieparken AS får Byutviklingsprisen 2024

Smieparken AS ved Reier Carlsen og Rune Underhaug er årets vinnar av Byutviklingsprisen 2024. Prisen vart utdelt av ordførar Andreas Vollsund under Bykonferansen torsdag 7. november. 

Ordførar i Time, Andreas Vollsund, deler ut Byutviklingsprisen 2024 til Smieparken AS, ved Reier Carlsen og Rune Underhaug - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».   

Juryen har i år bestått av Kenneth Lia, dagleg leiar Bryne Næringsforening, Olav Hetland, styreleiar Brynes Vel og Odd Ivar Nese, kommunikasjonssjef i Time kommune.   

Juryen si grunngjeving:   

"Årets to prisvinnarar har i mange år vore engasjert i korleis me best mogleg kan utvikla Bryne sentrum. Dei har både saman, og kvar for seg, hatt prosjekt som har vore viktige for utviklinga av byen vår.  

Gjennom eit felles firma har prisvinnarane dei siste åra vore engasjert i å ta vare på, og restaurera, to av dei eldste bygga i Storgata.  

“Steinslandshuset” frå 1918 og “Aarresmiå” frå 1890-talet er blant dei eldste husa på Bryne. Det er dei einaste husa som står igjen frå pionertida då Bryne vaks fra som handelsstad etter at jernbanen vart etablert i 1878. 

Gjennom sitt arbeid med dei to historiske bygningane har årets prisvinnarar både teke vare på to kulturminner på ein god måte, og samtidig gitt dei nytt liv. Dette er bra for både identiteten til byen vår, og for framtida til Storgata. Den nye bruken av Aarresmia bidreg for eksempel allereie til at både innbyggarar i Time og nabokommunar kjem på besøk.  

Det er ingen tvil om at årets prisvinnarar har brukt både tid, krefter og penger for å gjennomføra prosjektet, og det er heller ingen tvil om at resultatet er viktig for utviklinga av Bryne.  

Byutviklingsprisen 2024 går til Smieparken AS ved Reier Carlsen og Rune Underhaug."

Tidlegare vinnarar: 

2023 – Kulturbanken 
2022 – Harald Gudmestad 
2021 – Magnus Rommetveit 
2020 – Ikkje delt ut 
2019 – Brix 
2018 – Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling 
2017 – Mellombels Ølstove 
2016 – Brynes Vel 
2015 – Arnfinn Vigrestad 
2014 – Bryne kro og hotell 
2013 – Ikkje delt ut 
2012 – Kjøkkenet 
2011 – Torjå AS ved Hans Ree 
2010 – Ståle G. Haaland 
2009 – Lauritz Bellesen 
2008 – Alf I. Haaland 
2007 – Jærdagen 
2006 – Ikkje delt ut 
2005 – Forum Jæren 
2004 – Gunn A. Nedrebø 
2003 – Reier Carlsen