Søk om driftstilskot og leige av idrettshallar/gymsalar

1. mars går to søknadsfristar ut: Fristen for å søke om leige av kommunen sine idrettshallar og gymsalar, og fristen for å søke om driftstilskot til barne- og ungdomslag, samt instruktøropplæring innan idrettslag.

Folk i idrettstøy som speler fotball i ein idrettshall, berre beina og ein fotball er synlege - Klikk for stort bilete

Har du lyst til å organisera litt trening i ein idrettshall eller gymsal? Det kan kommunen hjelpa deg med. Foreiningar og lag kan søka om å leiga her:

  • Brynehallen
  • Timehallen
  • Lyehallen
  • Kvernhallen
  • Vardheihallen
  • Bryne storhall
  • Symjehallen v/ Bryne ungdomsskule
  • Gymsalen ved Rosseland skule
  • Gymsalen ved Bryne skule
  • Gymsalen ved Bryne ungdomsskule
  • Gymsalen på Vestly

Søknadsfristen er 1. mars, og du kan søka via skjemaet under:

Søknad om leige av idrettshall/gymsal

Same dato er det òg søknadsfrist for ei anna ordning, nemlig ordninga med driftstilskot til barne- og ungdomslag. Idrettslag som ønsker støtte for instruktøropplæring, kan òg søka via det same skjemaet, som du finn under:

Søknad om driftstilskot og instruktøropplæring