Søk om tilskot til haustferie-aktivitetar for barn og unge

barn i svømmebasseng - Klikk for stort bilete

Lag og foreiningar kan i 2024 søka om økonomisk tilskot til gjennomføring av ferieaktivitetar for barn og unge i Time kommune.

Søknadsrunden som nå har starta gjeld for aktivitetar i haustferien.

Målgruppa er barn og unge frå låginntektsfamiliar i alderen 6-19 år. Aktivitetane skal vera gratis eller ha svært låg kostnad for dei som deltek. 

I utgangspunktet er maksimalt tilskot kr 5000 per dag/25 000 kr per veke. Etter vurdering kan me tildela høgare tilskot dersom det er gode argument for det. 

Tilskotet vert utbetalt etter at aktivitetane er gjennomførte.

Søknadsfrist: 12. september.

Søk om tilskot