Sommaraktivitetar i Time

Borte bra, men heime best. Her er 11 forslag til kva du kan finna på i den flotte kommunen vår og på Jæren i sommar.

Ti turar i Time

Bilde av Ulvarudlå - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2024: Tur 3, Ulvarudlå, målskilt Jan Oskar Haugen

Ti turar i Time er kommunen sitt opplegg for å gjera turar i nærmiljøet kjende for innbyggarane.  
Alle som går minst éin av turane får ei lita gåve frå kommunen, og blant alle som går alle ti turane trekk me ut flotte premiar.

I år finst det ikkje nokon brosjyre med alle turane i. I staden kan du velja deg ein tur her på nettsidene våre, og når du er framme ved utgangspunktet for turen vil du finna eit skilt med ein QR-kode. Skannar du denne koden med mobilen får du opp kart og turinfo, og ved målet for turen står eit nytt skilt med ein ny kode som lar deg registrera at du har gått turen.

Er du ein av dei som ikkje føler deg heilt heime i det digitale hjørnet? Ikkje ver redd, kommunen tek vare på deg òg! Sjå meir info på Ti turar i Time-sida vår.

Sykla Jærruta

Har du lyst til å oppleva Jæren og Hå på ein ny måte? Sjekk ut Jærruta! Trø i veg på el-sykkel med vind i håret og kraft i tråkka. Langs ruta er det mange gilde stader du kan stoppa, som for eksempel Hå gamle prestegard, Garborgheimen og lokale gardsutsal og spisestader. Overnatt på hotell, fyr, campingplassar eller kanskje i ei tretopphytte!

Nå er ruta ferdig skilta og klar for å ta i mot deg!

Sjå kart over Jærruta

Dra på ekspedisjon

familie på kanotur - Klikk for stort bileteUtforsk Frøylandsvatnet i kano

Kva med å oppleva Frøylandsvatnet frå sjøsida?

Time kommune er med i Frilager-ordninga, noko som gjer at innbyggarar i Time kan låna kanoar og masse forskjellig turutstyr for ein rimeleg pris.

Utstyret bestiller du på frilager.no, og henter i henteboda som er plassert ved parkeringsplassen mellom Time rådhus og Sivdamsenteret i Røyrvika på Bryne. Du kan låna klatreutstyr, telt, lavvo, SUP-brett og mykje meir.

Sommartilbod for barn og unge

fotball - Klikk for stort bilete

I sommar vil det vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time. Blant tilboda er aktivitetar som teater, speiding, idrett, foto og andre spanande aktivitetar.

Time kommune har fordelt støtte til frivillige lag og organisasjonar slik at dei kunne laga eigne opplegg for barn og ungdom i sommar. Alle aktivitetane er gratis eller har ein låg eigenandel. 

Informasjon om aktivitetane, tidspunkt og påmelding finn du på oversikta for Sommar-Time.

Bada

Sivdammen helsebasseng - Klikk for stort bilete

Anten du føretrekk stranda, rolegare vatn eller basseng, er det mange moglegheiter!

Jærstrendene, som du kan lesa meir om hos Visit Jæren, er blant dei flottaste i landet. I tillegg har Time fleire gode badaplassar som du kan nyta i sommar, som fks. Eivindsholtjørna på Bryne, Åsvatnet og Melstvatnet aust for Lyefjell og Stemmen på Kvernaland. 

Sjå oversikt over badeplassane i Time.

Dei som vil bada innandørs, kan ta turen til Sivdammen helsebasseng på Bryne, kor vatnet held ein temperatur på 31 grader. 

Opningstidene frå tysdag 2. juli til torsdag 1. august er:

  • Tysdagar kl 12 - 16
  • Onsdagar kl. 16 - 20
  • Torsdagar kl. 16 - 20
     

Alle billettar vert lagt ut for sal på nett måndag 1. juli. Billett kan også kjøpast i døra dersom det er ledig kapasitet

Les meir om Sivdammen helsebasseng.

Gå på kino

Bygg Bryne kino - Klikk for stort bilete

Kule filmopplevingar høyrer også sommaren til!

Bryne kino, som ligg på torget i Bryne sentrum, har ope kvar dag og utvida opningstider i sommar. Kinoen har fire salar, deriblant ein luksussal, og visar eit bredt utval av nye filmar. 

Sjå nettsida til Bryne kino for fullt program og billettar.

Sommarles på biblioteket

Plakat sommarles 2024 - Klikk for stort bilete

Frå 1. juni til 31. august kan alle 1. – 7.klassingar i Time kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg.

Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.

Opningstidene og programmet til Time bibliotek finn du her.

Rangla

Sporv, plakat, rangling for småsporvar - Klikk for stort bilete

Sommaren byr på musikkopplevingar for både store og små!

Laurdag 29. juni, frå kl. 12 går Rangling for småsporvar av stabelen i parken ved Time bibliotek. Familiefestivalen er heilt gratis. 

Meir informasjon finn du på: Rangling for Småsporvar 2024 | Facebook

Oppdaga kunsten i Time

kunstverket "dei bortkomne" - Klikk for stort bilete

Time kommune har masse flott kunst, som alle i Time eig i fellesskap. Nokre av kunstverka kjenner du, men i den nye kunstdatabasen vår, finn du garantert mykje kult du ikkje har sett før. 

Databasen gir deg informasjon og lokasjon for dei ulike kunstverka, og har også forslag til fleire kunstløyper for deg som vil ut på vandring.

Sjå Time kommune sin kunstdatabase.

Gå på museum

Garborgheimen - Klikk for stort bileteGarborgheimen

Time har fleire gilde museum kor det er mykje å læra!

Nasjonalt Garborgsenter skjer det spanande ting, og i Knudaheio og Garborgheimen er det ope kvar dag frå kl. 12-17 i heile juli fram til midten av august.

Sjå oversikta over alle musea våre og opningstider.

Opplev Jæren

Bilde av Jæren - Klikk for stort bileteOpplev Jæewn

 

​​​​​​

 

 

 

 

 

 

Her får du oversikten og verktøyene du trenger for å oppdage aktiviteter, attraksjoner, natur og overnatting- og serveringstilbud over hele Jæren og distriktet rundt. Medlemmene i Opplev Jæren byr på et unikt spekter av aktiviteter og opplevelser, fra kulinariske høydepunkter til natur- og kulturopplevelser i verdensklasse.

Se deg rundt, og opplev Jæren!

God sommar!