Sommartilbod til barn og unge

I sommar vil det igjen vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time. Blant tilboda er aktivitetar som turar, kunstverkstad, idrett – eller kva med å spela i band?

Time kommune har fordelt støtte til frivillige lag og organisasjonar slik at dei kunne laga eigne opplegg for barn og ungdom i sommar. Alle aktivitetane er gratis eller har ein låg eigenandel. 

Informasjon om aktivitetane, tidspunkt og påmelding finn du under.

Me gjer merksam på at nokre av aktivitetane har svært kort påmeldingsfrist, så ikkje nøl med dette!

Band-camp
Bryne turnlag: Turnskule
Camp Rosseland
Sommarverkstad med Studio K
Care4all: Sommaraktivitetar for heile familien
Familiehage Time
Sommar på Møllekjellaren
Frøyland IL: TINE Fotballskule
Jæren Golfklubb: Golfskule
Blå Kors ferieklubb
Jæren Tigrigna skole
Sommarferieklubb i Kulturbanken
Jaðarr eSport

 

Her er eit skjema som kanskje gjer det litt lettare å sjå kva tid kven arrangerer kva (du kan klikka på det for å få det i litt større versjon):

 

Skjemaet vert oppdatert med info frå dei manglande arrangørane etter kvart.

Sommar-Time vert finansiert med midlar frå Bufdir og Time kommune.