Styrke- og balansetrening med fysioterapeut

Ønsker du å betra styrken og balansen din? Fysioterapiavdelinga startar opp med gruppetrening for personar over 65 år, busett i Time kommune, der målet er å betra styrke og balanse for å hindra fall.

Illustrasjonsbilde av joggesko og treningsmanualer - Klikk for stort bilete

 

Treninga vert leia av fysioterapeut som legg opp øvingar for styrke, balanse og funksjon. Høyrest dette ut til å vera noko for deg?

Du må betala eigendel for treninga etter godkjente takstar for fysioterapi. Frikortordninga gjelder.

Oppstart måndag 23.09, med trening to gonger i veka i 12 veker.  Måndagar og onsdagar kl. 13.00-14.00.

Har du spørsmål eller vil ha meir informasjon, ta kontakt med fysioterapeut Lisa Olwer,  482 59 549.

Påmelding innan fredag 13.09 via skjemaet under:

Påmelding til styrke- og balansegruppe med fysioterapeut