Ti turar i Time 2024: Tur 6, Bursfjell, målskilt
Jan Oskar Haugen
Først av alt: De sit sikkert der og verker etter å finna ut kven som har vunne premiane. Me lova å dela ut gåvekort på 1000 og 500 kroner, pluss kinobillettar, til nokre av dei som gjekk alle ti turane i år. Og me skal ikkje halda dykk på pinebenken lenger enn nødvendig. Her er dei heldige vinnarane (som me allereie har kontakta):
- Gåvekort på 1000 kroner: Tom Varhaug og Kate Alvestad
- Gåvekort på 500 kroner: Rolf Haaland og Liv Torunn Ødegård
- Gåvekort på kinobillettar (300 kroner): Rønnaug Haaland og Steinar Undheim
Me gratulerer og takkar for turen i år! Og til alle dykk andre: Det kjem nye sjansar til våren.
Eit djupdykk i tala
Så til bonusen, det artige og litt finurlege som skjuler seg bak tala. For i motsetning til tidlegare år har me denne sesongen litt meir detaljert informasjon om turane og korleis folk har gått dei, fordi me gjekk over til eit digitalt system i vår. Me reknar med at dei fleste har fått det med seg - i alle fall har de som har gått turane, ikkje kunna unngå å gjera det - men i staden for eit hefte med turar, har det i år vore sett opp skilt med QR-kodar ved start- og målpunkta for turane. QR-kodane viser veg både til turinformasjon og til registrering av at ein har gått turane.
Totalt sett har me 2349 registreringar via QR-kodane som har stått ved turmåla i år. I diagrammet over kan de sjå korleis desse registreringane fordeler seg på dei ulike turane - der ser me at tur 4, Melsvatnet, har flest registreringar med 423, følgt av tur 5, Blåfjellet, og tur 1, Karten. I tillegg til desse 2349 har me òg nokre deltakarar som har vore inne hos Innbyggarservice på rådhuset og registrert seg manuelt. Og for dei som lurte på det: Bokstavane me hadde klistra på skilta utgjorde i år orda T - U - R - A - R - I - T - I - M - E …
Det reelle talet på deltakarar nærmar seg altså 2500, samanlikna med 3-400 totalt som me hadde med det gamle systemet. Sjølv om me reknar med at mange fleire gjekk turane tidlegare år enn dei som faktisk registrerte seg, er talet i år gledeleg høgt. Det meiner ordføraren òg:
Då me gjekk gjennom lista over dei som hadde gått alle turane - for øvrig 84 i talet, 70 digitale og 14 manuelle registreringar - så var det ein annan ting som òg var litt artig. Eller, rettare sagt: Tre damer skilte seg litt ut!
Tre spreke damer
Me sette altså i gang sesongen 21. mars. To dagar seinare, 23. mars, starta Gunhild Tunheim å gå.
– Eg låg og venta på at de skulle setta i gang, for eg er veldig glad i å gå tur og pleier å gå alle turane kvart år, seier Gunhild til kommunen. Og det skjønar me, for i løpet av fire dagar hadde ho like godt fullført sju av dei ti turane! Altså låg ho godt an til å verta ferdig først av alle.
Det var bare det at 25. mars tok Ine Fintland fatt på oppgåva. Og mens Gunhild slakka litt av på tempoet, nytta Ine sjansen til å fresa forbi - blant anna gjekk ho ikkje mindre enn fire turar 1. april! Så heider og ære til førstemann - eller rettere sagt, første kvinne - som fullførte Ti turar i Time 2024, går til Ine Fintland. Ho var ferdig 4. april. Men understreker overfor kommunen at ho sjølvsagt gjekk fleire av turane fleire gonger etter den datoen òg.
Og så sa me jo at tre damer skilte seg litt ut. Kven er den tredje? Jo, det er faktisk mor til Ine Fintland, Inger Westlye. For ho kan smykke seg med ein anna prestisjetung tittel: Den som har fullført alle ti turane på kortast mogleg tid!
– Eg må innrømma at det var to hovudgrunnar til at eg hadde det så travelt. Det eine var at dottera mi pusha meg og sa at nå må du berre komma deg ut. Men den andre, og kanskje viktigaste, er at eg er livredd kyr! Så eg ville gå turane før eg risikerte å møta på kyr på beite, ler Inger når kommunen ringer.
Inger Westlye gjekk den første turen 1. april og den tiande 6. april. Altså gjorde ho unna alle ti turane på seks dagar - og endå meir imponerande vert det når ein kan sjå av tala at alle registreringane er gjort etter klokka 17 i vekedagane. Altså ti turar på seks dagar - etter jobb.
Me tar av oss hatten for dei tre spreke damene, som alle lovar å vere med igjen når me startar opp med Ti turar i Time 2025 til våren. Faktisk er 2025 friluftslivets år - så det er godt mogleg at dei ti turane vil få ein liten ekstra dimensjon neste år. Men det kjem me tilbake til!
Takk for turen - og god vinter!