1. november la regjeringa fram endringar i statsbudsjettet, som følge av informasjon dei siste vekene om krevjande økonomi i kommunesektoren rundt om i landet. Endringa gjeld i hovudsak ei auke i rammetilskotet til kommunesektoren på 5 milliardar kroner - og av desse får Time kommune altså vel 15 millionar kroner.
I kommunedirektøren sitt forslag til handlings- og økonomiplan 2025-2028 er det føreslått store omstillingar for å få bukt med aukande utgifter, hovudsakleg innanfor dei to kommunalområda Oppvekst og Helse og velferd. Det skal etter planen sparast meir pengar kvart påfølgande år i perioden, altså meir i 2026 enn i 2025, meir i 2027 enn i 2026, og så vidare.
Det nye tilskotet til kommunane er årleg. Det gjev Time kommune 15,5 millionar kroner i 2024, og noko meir i åra som kjem etterpå. Økonomiplanen skal behandlast i formannskapet 26. november og i kommunestyret 10. desember, og i forkant av dette - på grunn av det ekstra tilskotet - har politikarane nå fått ei tilleggsinnstilling frå kommunedirektøren, som handlar om kva han meiner pengane bør brukast til.
I tilleggsinnstillinga er dei auka statlege overføringane brukt til å styrka det økonomiske handlingsrommet i kommunen. Det høyrest kanskje kjedeleg ut, fordi det ikkje direkte handlar om at sparetiltak som er føreslått, kan avvergast. Men det betyr at det vert tatt opp mindre lån enn først tenkt, og at det i 2025 og 2026 betalast inn ekstraordinære avdrag på lån kommunen allerede har.
Det fører igjen til at omstillingane som var planlagde i 2027 og 2028 kan verta noko mindre, for dei to områda der utfordringane er størst. Kommunestyret har bede kommunedirektøren i størst mogleg grad å skjerma helse, skule og hjelpetenester til barn og unge, og derfor prioriterast desse områdene når det er bevilga ekstra pengar.
Ut over det vert det ikkje endringar i omstillingsplanen, fordi kommuneøkonomien fortsatt er utfordrande sjølv med dei ekstra pengane frå staten. Og så får me sjå kva politikarane bestemmer seg for når endeleg vedtak vert fatta av dei folkevalde 10. desember.
Justert omstillingsbehov i økonomiplanperioden. Tala er i 1000 kroner (altså er det for eksempel snakk om 12, 28, 36 og 45 millionar kroner i nedste linje).