Time kommune tek grep for å spara straum

straummaster - Klikk for stort bilete

Time kommune gjer fleire tiltak for å senka energiforbruket 

Grunna den nasjonale kraftsituasjonen og energikrisa i Europa, er det viktig at kommunen tek grep for å halde eige energiforbruk nede.  

Nokre av tiltaka er mellombelse, medan andre vil effektivisera energiforbruket til kommunen permanent. 

Kommunale bygg 

Time kommune sin totale bygningsmasse er på rundt 120 000 kvadratmeter. I samarbeid med dei ulike verksemdene som nyttar desse og verneombodet, blir det vurdert korleis ein kan senka energiforbruket i kvart bygg.  

Eit av tiltaka er senking av temperatur inne i kontorbygg, idrettshallar, skular og barnehagar. Det vil bli gjort individuelle tilpassingar og sjølv når temperaturen er redusert, skal alle opphaldsrom ha ein temperatur som er i tråd med Helsedirektoratet og Arbeidstilsynet sine anbefalingar. 

Foreldre og føresette som har barn i kommunale barnehagar og skular i Time, vil få meir informasjon frå den aktuelle barnehagen/skulen om når temperaturen vert senka.

Eit anna energisparande tiltak i kommunale bygg er å skifta til LED-belysning. Dette arbeidet er allereie godt i gang.  

Kommunen fortset også arbeidet med å auka produksjon av grøn energi i eigne bygg. Nye solcelleanlegg, solfangarar og varmepumper er tiltak som vert vurdert. 

Gatelys 

Time kommune har over lengre tid arbeida med utskiftinga av eldre lysmaster til LED-lys langs kommunale vegar. Dette arbeidet vert intensivert og løpet av 2023 vil alle lys vera utskifta. Dette er forventa å gje ei årleg innsparing på 390 000 kWh samanlikna med før utskiftinga. 

I tillegg vurderer kommunen nattsenking av gatelys og anna kommunal belysning utandørs. 

Isbane på Bryne torg 

I samarbeid med Bryne næringsforening vil tida isbanen er rigga opp på Bryne torg bli redusert. Isbanen vil vera oppe totalt 4-6 veker der desember vil vera hovuddelen av tidsrommet.  

Basseng 

Andre kommunar har redusert temperaturen i kommunale basseng for å spara energi. Senking av temperaturen i bassenga i Time har blitt vurdert, men vert ikkje gjennomført.  

Kontinuerleg arbeid 

Kor mykje energi kommunen vil spara totalt på tiltaka som blir iverksett er for tidleg å seia.  

Arbeidet med å senka Time kommune sitt energiforbruk er ikkje i mål. Det betyr at det kan koma fleire nye tiltak i tida framover.  

– Som kommune har me eit viktig samfunnsansvar. I likskap med alle andre me gjera det me kan for at energiforbruket vårt går ned, seier kommunedirektør Trygve Apeland. 

Tiltak som vert iverksett for å spara energi i Time kommune: 

  • Innetemperatur i kontorbygg vert redusert frå 22° til 20°C. 
  • Innetemperatur i klasserom vert redusert frå 22° til 20°C. 
  • Innetemperatur i barnehagar vert redusert. Det vert differensiert mellom rom for små og store barn. 
  • Kulturbygg vert individuelt vurdert for energisparing.  
  • Der det er praktisk mogleg vil temperaturen i gangareal reduserast til 15° C. 
  • I idrettshallar/gymsalar blir temperaturen redusert til 15° C. 
  • Plaskebassenga i barnehagar vert stengt. 
  • Optimalisera driftstider på ventilasjonsanlegg. 
  • Utbytting av innandørsbelysning til LED-lys med behovsstyring. 
  • Utbytting til LED-lys langs kommunale vegar og annan kommunal utandørsbelysning, samt vurdere nattesenking.  
  • Tidsrommet for når isbanen på Bryne torg er oppe blir redusert til mellom fire til seks veker. 
  • Utarbeiding av liste med energisparingstips til verksemdene (t.d. redusert bruk av tørkeskap, avfuktarar m.m.) 
  • Nye solcelleanlegg, solfangarar og varmepumper vil løypande bli vurdert.