Time vert ein demensvennleg kommune

Inngår samarbeidsavtale med Nasjonalforening en for folkehelse. 

  

Etter vedtak i kommunestyret 15. september inngår Time kommune ein samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelse for å legga til rette for ein demensvennleg kommune.  Avtalen vart signert av Olaug Kvalstad og ordførar Andreas Vollsund den 6. oktober 2020. 

 

signering av avtale om demsensvenleg kommune Time kommune

Time kommune vil vera med på å skapa gode haldningar i lokalsamfunnet og skapa større openheit kring demens ved å gje opplæring til personell i offentleg og privat servicenæring. Dette vil vera med å bidra til at personar med demens skal kunna oppretthalda eit aktivt liv så lenge som mogleg.  

Kommunen skal etablera ei arbeidsgruppe som skal ha ansvar for å utarbeida planar for tiltak med utgangspunkt i lokale behov og undervisningsmateriell frå Nasjonalforeningen for folkehelse.  
Undervisninga vil vera for personell i offentleg og privat servicenæring.  Deltakarane skal få opplæring i korleis dei best mogleg kan møta menneske med demsens. 

Eit demensvennleg samfunn er eit vennlegare samfunn for alle.