Utfordringar med digital postkasse?

Frå tid til anna dukker det opp saker der våre innbyggarar, og særleg våre eldre innbyggarar, ikkje har fått viktig informasjon frå kommunen. Her kjem nokre forklaringar på korfor det vert sånn, og innspel til kva du kan gjera for å hindra at det rammar både deg og andre.

Eldre mann sit med laptop på kjøkkenet og ser oppgitt ut - Klikk for stort bilete

Dei fleste har sikkert fått med seg denne saka som Aftenbladet skreiv om i sommar:

Kommunen ville tvangsselge 98-årings bolig for en ubetalt regning på 5830 kroner: – Jeg ble så forbannet, sier svigersønnen

Det er ikkje gøy å lesa slike saker, og absolutt ikkje gøy å vera part i dei. I dette tilfellet har kommunen teke sjølvkritikk og går gjennom rutinane for å gjera det mindre sannsynleg at ubetalte rekningar endar med tvangssals-varsel.

Når det er sagt, finst det forklaringar på korfor dette skjer. Og for å vita kven av innbyggarane som er digitale og kven som ikkje er det, hender det at kommunen treng litt hjelp. Me har nemleg slett ikkje noko ønske om å tvinga digital kommunikasjon på dei som ikkje vil ha det!

Kva skjer før inkassovarselet?

La oss ta det litt i rekkefølge. Viss me nå tenker oss at dette skjer med deg, så er første steg som oftast at ei kommunal rekning ikkje vert betalt. Kanskje har du avtalegiro på faktura frå kommunen, og då er den typiske feilen at beløpsgrensa er for låg.

Illustrasjon av person med mobiltelefon i venstre hand og bankkort i høgre - Klikk for stort bilete

Me anbefaler at du ikkje set beløpsgrense for trekk frå kommunen i nettbanken din. Kommunale avgifter stig jamleg, så beløpsgrensa du set, held ikkje i ti år. Du kan vera trygg på at kommunen aldri trekker meir enn me skal frå kontoen din – og skulle det likevel vera noko feil, så rydder me raskt opp.

Eventuelt kan du velja eFaktura i staden. Fordelen med det er at du får melding kvar gong det ligg ein ny faktura klar til betaling. Ulempen er at betalinga ikkje går automatisk – du må godkjenna i nettbanken.

Når du når beløpsgrensa på avtalegiroen, så skal banken din senda eit varsel. Men gjer du ikkje då noko med grensa, så vert ikkje fakturaen betalt. Og vert ikkje fakturaen betalt, så får du inkassovarsel.

Kor sendast inkassovarselet?

Inkassovarselet – og andre brev frå kommunen med viktig informasjon – sendast digitalt til alle som har takka ja til å motta digital informasjon. Viss du er usikker på om du har gjort dette, kan du sjekka det ved å logga inn her:

Innlogging Kontakt- og reservasjonsregisteret

Der kan du òg sjekka at kontaktinformasjonen din er rett. Kommunen sjekker dette registeret, og viss du har reservert deg mot digital informasjon, sender me automatisk inkassovarselet som brev. Då får du det sjølvsagt i posten, og kan betala rekninga, så stoppar saka her. Hadde du venta at fakturaen vart betalt automatisk med avtalegiro, må du snakka med banken din og sannsynlegvis gjera noko med beløpsgrensa.

Logoane til Digipost, e-Boks og Altinn - Klikk for stort bilete

Viss du ikkje har reservert deg mot digital informasjon, så har du truleg valt ei digital postkasse, anten Digipost eller e-Boks. Då skal inkassovarselet sendast til den. Viss du ikkje har gjort dette, vert brevet sendt til Altinn. Og Altinn er laga sånn at viss du ikkje har klikka deg inn på eit nytt dokument innan 40 timar etter at det er sendt til deg, så vert det automatisk sendt som papir.

Alt dette betyr at sakar der eldre innbyggarar ikkje får den informasjonen dei skulle hatt, i all hovudsak skuldast at dei har godkjent at kommunen, og andre offentlege instansar, sender dei informasjonen digitalt. Ein gong etter det har dei då gjerne hamna i ein livs- eller helsesituasjon der dei ikkje lenger er i stand til å sjekka dette sjølv – eller har gløymt at dei har takka ja til digital kommunikasjon – og då er gjerne heller ikkje dei pårørande klar over problemet. Det er då me risikerer at informasjonen ikkje kjem fram.

Kva er varsel om tvangssal?

Viss saka di er sendt til tingretten og du får brev om "foreleggelse av begjæring om tvangssalg" betyr det ikkje at huset ditt eller leilegheita di no automatisk vert tvangsseld, men at tingretten eller politiet gjev deg beskjed om at kommunen vil at eigedomen skal seljast, for å sikra at kravet vert betalt. Det er framleis meir enn nok tid til å betala rekninga – men på dette stadiet har beløpet auka på grunn av gebyr og renter.

“Ja, men kommunen må jo berre slutta å senda ting digitalt til gamle folk,” seier du kanskje då. Problemet er berre at det har ikkje kommunen lov til, så lenge registeret seier at du er digital – og det er faktisk òg mange eldre som synest det er heilt fint å få informasjonen digitalt.

Så kva kan du gjera for å hjelpa oss å unngå desse situasjonane?

Gje oss ei hand!

Som tidlegare sagt, kan du i alle fall sjølv sjekka om du har takka ja til å motta digital informasjon, i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Her kan du òg takka nei, viss du tidlegare har gjeve samtykke, men ønsker å trekka det tilbake.

Illustrasjon av person med mobiltelefon i hendene - Klikk for stort bilete

Eit anna alternativ er å gje andre fullmakt til å lesa den digitale posten din. Då kan du be nokon som er meir komfortabel med digital kommunikasjon, hjelpa deg med dette, anten hos Digipost eller e-Boks, viss du har ein digital postkasse, eller hos Altinn, viss du ikkje har det.

Dette gjeld sjølvsagt òg viss du er pårørande til nokon som synest dette er vanskeleg. Viss det er greit for dei at du får lesa den digitale posten deira, så kan du setja deg ned saman med dei når dei loggar inn med sin BankID, og gå gjennom fullmakta med dei.

Viss du som innbyggar er førebudd på at du ein dag kan komma i ein situasjon der digital kommunikasjon er vanskeleg, så vert det mykje enklare for oss som kommune å sørga for at informasjonen du treng faktisk når fram til deg.

Tusen takk for hjelpen!